Nettverk for økonomiske rådgjevarar
Statsforvaltaren i Vestland held fram med nettverkssamlingar for økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar tilsett i Nav-kontora i fylket.
Nettverket er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Statsforvaltaren er vertskap.
Ei arbeidsgruppe set tema for samlingane og bidreg med faglege innspel. I arbeidsgruppa sit fem økonomiske rådgjevarar frå Nav-kontor og to tilsette frå Statsforvaltaren i Vestland. Deltakarane i nettverket vert oppmoda til å komme med innspel på aktuelle tema, problemstillingar og case som dei ynskjer å diskutere i møta. Vi inviterer òg eksterne foredragshaldarar.
Har du spørsmål om nettverket? Kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar» på denne sida.
Nettverkssamlingar i 2024
7. februar: digital samling om tilsyn med økonomisk rådgjeving.
Fleire datoar kjem så snart dei er klare. Vi legg også ut informasjon om tema og påmelding så snart det er klart.
Nettverkssamlingar i 2023
Nettverkssamlingar i 2022
- 15. februar - digital samling
- 26. april - samling i Bergen
- 14. september - digital samling
- 13. desember - samling i Bergen
Nettverkssamlingar i 2021
Nettverkssamlingar i 2020
- Torsdag 13. februar kl. 09.00 - 15.00 på Statens hus, Kaigaten 9, Bergen
- Tysdag 12. mai kl. 09.00 - 15.00 på Statens hus, Kaigaten 9, Bergen - AVLYST
- Onsdag 2. september - digital samling
- Onsdag 25. november - digital samling
Kontaktpersonar
Medlemmar i arbeidsgruppa
- Anne Lise Heggestad, Nav Årdal
- Geir Arne Kvam, Nav Luster
- Berit Muren, Nav Bergenhus
- Jostein Saghaug, Nav Kvinnherad
- Monica Secci, Nav Bergen vest
- Elisabeth Lund-Iversen, Statsforvaltaren i Vestland
- Malin Roseanne Espejo, Statsforvaltaren i Vestland