For andre år på rad er det færre som får sosialhjelp
I 2021 var det 13 224 personar i Vestland som fekk sosialhjelp. Det er seks prosent færre enn året før. I 2020 var det 14 029 som fekk sosialhjelp, og i 2019 var det 15 453
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er tal frå kommunane si rapportering i Kostra (Kommune-Stat-Rapportering) som viser dette.
Endringa i talet på mottakarar av sosialhjelp
Det var 28 kommunar i Vestland som hadde reduksjon i talet på sosialhjelpsmottakarar, medan 12 kommunar hadde auke. Dei siste tre kommunane hadde ingen endring frå 2020 til 2021.
Desse fem kommunane hadde flest sosialhjelpsmottakarar i 2021:
Kommune | 2020 | 2021 | Endring |
Bergen | 7 009 | 6 771 | -3 % |
Øygarden | 1 054 | 954 | -9 % |
Askøy | 586 | 555 | -5 % |
Alver | 552 | 519 | -6 % |
Sunnfjord | 491 | 446 | -9 % |
Heile oversikta over sosialhjelosmottakarar i Vestland i 2021 kan du finne i dette dokumentet.
Utbetalingar av sosialhjelp har også gått ned
I 2021 betalte kommunane i Vestland ut 667 millionar kroner i sosialhjelp. Dette er ein nedgang på fem prosent frå året før. I 2020 betalte kommunane ut 704 millionar, og i 2019 betalte dei ut 748 millionar.
I alt 30 av kommunane i Vestland hadde reduksjon i utbetalingane av sosialhjelp i 2021, medan 13 kommunar hadde auke.
Desse fem kommunane betalte ut mest i sosialhjelp i 2021:
Kommune | 2020 | 2021 | Endring |
Bergen | 400 711 901 | 393 529 530 | -2 % |
Øygarden | 49 646 450 | 46 218 781 | -7 % |
Askøy | 31 715 595 | 26 472 412 | -17 % |
Alver | 23 881 596 | 24 324 409 | +2 % |
Voss | 15 394 399 | 19 104 320 | +24 % |
Heile oversikta over utbetaling av sosialhjelp i Vestland i 2021 finn du i dette dokumentet.