Rettleiande statlege satsar for økonomisk stønad for 2024
Satsane er justert med 3,8 prosent frå første januar i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i Nasjonalbudsjettet for 2024.
Retningslinjene omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tek også omsyn til andre sider ved dagleglivet, som fritid og sosiale behov.
Her kan du lese heile brevet frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Utgangspunkt for skjøn
Rettleiande satsar er viktige og nyttige for å sikre likebehandling. Likevel er satsane berre rettleiande utgangspunkt, og Nav har rett og plikt til å vurdere kvart tilfelle individuelt. Nav skal utøve skjøn når dei vurderer om det skal ytast økonomisk stønad, og ved utmåling av stønaden.
Kommunalt sjølvstyre
Kommunane bestemmer sjølv om dei skal nytte statens rettleiande satsar som utgangspunkt for skjønet, eller om dei skal ha eigne satsar som utgangspunkt for skjønsutøvinga.