Rettleiar for psykisk helsearbeid barn og unge
Rettleiaren skal gi anbefalingar om korleis oppnå eit heilskapleg og samordna psykisk helsearbeid for barn unge, frå helsefremjande og førebyggande arbeid til oppfølging og behandling.
Rettleiaren er retta mot, og framhevar samarbeid på tvers av sektorar og nivå om den psykiske helsa til barn og unge. Den omfattar arbeid med rusmiddelproblem, vald og overgrep. Formålet med rettleiaren er å bidra til at kommunar varetar barn og unge mellom 0-25 år med psykiske plager, og deira familiar, ved å
- støttar opp om arenaer som barn og unge og familiane deira er på, slik at dei verkar helsefremjande og førebyggjande
- planlegg og utviklar psykisk helsetilbod
- tilby lågterskeltilbod og heilskapleg oppfølging tilpassa behova
- samarbeider med psykisk helsevern for barn og unge (PHBU)
Målgruppa for rettleiaren er den politiske og administrative leiinga i kommunen, tilsette og leiarar i helsetenesta (kommune- og spesialisthelsetenesta) og leiarar i aktuelle tenester og sektorar i kommunen (utdanning, barnevern, Nav-kontoret).
Psykisk helsearbeid barn og unge finn du på heimesida til Helsedirektoratet.
Sjå opptak av lanseringa
Rettleiaren blei lansert 9. november 2023, og opptak av lanseringa kan du sjå ved å følgje denne lenkja: Veileder psykisk helserbeid barn og unge - Helsedirektoratet
Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiaren i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Husbanken.