Framleis lite kontroll med bruk av tvang mot personar med utviklingshemming
Statsforvaltaren har frå 2020 til 2021 avdekt meir bruk av ulovleg tvang mot personar med utviklingshemming.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I 2020 og 2021 gjennomførte vi 115 tilsyn med bruk av tvang mot personar med utviklingshemming i Vestland, etter reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. I 44 av desse tilsyna fann vi ulovleg tvangsbruk.
Lovbrota var:
- Kommunen brukte tvang utover det som Statsforvaltaren hadde godkjend.
- Tvang vart systematisk nytta utan at tvangsbruken var overprøvd og godkjend av Statsforvaltaren.
- I fleire saker var leiinga ikkje kjend med situasjonen.
Lovbrota viser at leiinga i kommunane ikkje har tilstrekkeleg styring og kontroll med eiga verksemd. Erfaringa vår er at dette har vore ei utfordring i tidlegare tilsyn på same område. Det er avgjerande at leiinga følgjer med på tvangsbruk slik at personar med utviklingshemming ikkje vert utsett for ulovleg tvangsbruk.
Tilsyn med tvang mot personar med utviklingshemming
Når kommunen må bruke planlagd tvang mot personar med utviklingshemming i samband med at det blir gitt helse- og omsorgstenester, skal dei gjere vedtak om dette. Statsforvaltaren skal overprøve og godkjenne tvangsbruken før kommunen kan utføre tvang. Reglane skal beskytte og sikre rettane til personar med utviklingshemming.
På bakgrunn av risikovurderingar, reiser vi ut på tilsyn til mange av dei personane som vert utsett for tvang. Der kontrollerer vi at kommunen går fram på ein måte som samsvarar med våre godkjenningsvedtak og reglane i kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova.
Statsforvaltaren har årlege kurs og fagsamlingar om bruk av tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova for saksbehandlarane og leiarane i kommunane og med spesialisthelsetenestene i fylket som følgjer opp tvang etter kapittel 9.