Høyring av forvaltningsplan for Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde
- Høyringsfrist:
- 10. november 2023 23:59
Dagens einaste marine verneområde i Vestland, Lurefjorden og Lindåsosane, fylte nettopp tre år. No legg vi forslag til forvaltningsplan på dette unike området ut på høyring, og vi ønskjer innspel innan 10. november 2023.
Store allmenne interesser og store naturverdiar
Det er mange som ferdast i og langs Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde. Det er spesielle naturverdiar under overflata her som vi ønskjer å ta vare på for framtida. Les meir om dei spesielle naturverdiane i verneområdet ved å trykkje på denne lenkja.
No legg vi fram eit forslag til forvaltningsplan for dette marine verneområdet. Vi vil bidra til ein open prosess med gode høve til å kome med innspel for alle som ønskjer det. Vi fekk mange innspel til oppstartsmeldinga som vi har prøvd, så langt som det er mogeleg, å innarbeide i framlegget til forvaltningsplan.
Det kan vere aktuelt å arrangere eit ope møte som ein del av høyringa av forvaltningsplan om det er lokal interesse for det. Det er også aktuelt å ha møte med kommunane.
Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel
Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og for å fremje verneverdiane. Forvaltningsplanen er utarbeidd innanfor rammene i verneforskrifta og skal fungere som rettleiar for forvaltningsstyresmaktene. Planen skal gje føreseieleg forvaltning for alle som har aktivitet og planlegg tiltak i og rundt verneområdet.
Ein forvaltingsplan er ikkje eit juridisk bindande dokument, men skal avklare handtering av verne- og brukarinteresser i området på bakgrunn av verneforskrifta som gjeld i områda. Verneforskrift og grenser er såleis ikkje tema ved utarbeiding av forvaltningsplanar.
Kunnskapsgrunnlaget er tilfredsstillande, men kan bli endå betre
Arbeidet med forvaltningsplanen har synleggjort kva vi har tilfredsstillande kunnskap om og kva vi kunne hatt endå meir kunnskap om. Utfyllande kunnskap om naturtyper som straumrike område, blautbotnsområde og til dømes tareskogførekomstar manglar, men tiltaksplanen skildrar kva forvaltningsstyresmakta vil kunne prioritere framover. Det var Rådgivende Biologer, på oppdrag frå oss, som skreiv førsteutkastet til forvaltningsplanen.
Prosessen vidare fram mot ein endeleg plan
Etter høyringa vil innspel til framlegget bli innarbeidd så langt det er mogeleg, og forvaltningsplanen vil truleg bli godkjend i løpet av kalenderåret. Vi ber om innspel til forvaltningsplanutkastet innan 10. november 2023.
Send inn innspelet ditt til til Statsforvaltaren i Vestland, sfvlpost@statsforvalteren.no. Ta gjerne kontakt om noko er uklart. Alle som ønskjer det er velkomne til å kome med fråsegn.
- Høyringsfrist:
- 10. november 2023 23:59
Kontaktpersonar
Lenkjer
Dokument
- Utsendingsbrev med adresseliste - høyring av forvaltningsplan
- Høyring av forvaltningsplan for Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde
- Vedlegg 1 Naturmangfold
- Vedlegg 2 Friluftsliv og kulturminne
- Vedlegg 3 Fiskeri
- Vedlegg 4 Økologisk tilstand
- Vedlegg 5 Kjemisk tilstand
- Samledokument for alle innspel til oppstartsmeldinga