Vi melder oppstart av frivillig skogvern ved Gyttavatnet i Fjaler kommune

Høyringsfrist:
23. januar 2024 23:59
utsyn gjennom ei kløft mot eit vatn med litt lågt skydekke
Vi melder med dette oppstart av verneprosess for skogen ved Gyttavatnet i Fjaler kommune. Det er registrert sjeldne og truga artar og naturtypar i området. På biletet ser vi ei bekkekløft vest i lokaliteten, med Gyttavatnet i framgrunnen. Foto: Geir Gaarder.

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Gyttavatnet naturreservat i Fjaler kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 23. januar 2024.

Publisert 07.12.2023

Etter dialog med grunneigar og AT Skog melder vi formell oppstart av skogvernprosess ved Gyttavatnet i Fjaler kommune i Vestland. Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Kor er Gyttavatnet?

Tilbodsområdet ved Gyttavatnet er lokalisert på gards- og bruksnummer 26/1, 96/1, 96/3, 96/8, 96/9, 98/3, 100/4, 100/5 og 104/2 i Fjaler kommune. Området er eigd av private grunneigarar som har signert tilbod om vern av areal som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Miljødirektoratet eig også areal i området. Vi startar verneprosess på eit område som er 4475 dekar stort. Sjå kart til høgre i denne artikkelen. 

Eit større intakt område med lågareliggjande skog

Tilbodsområdet på 4475 dekar ligg i landarealet mellom Gyttavatnet og Breidvatnet, mellom 10 og 455 moh. Skogen ligg i boreonemoral og sørboreal vegetasjonssone, og klart oseanisk/sterkt oseanisk kystseksjon. Arealet inkluderer 12 ulike naturtyperegistreringar i eit forholdsvis samanhengande og intakt område av lågareliggjande skog.

I tilbodsarealet er det registrert stor variasjon i vegetasjon, og jamt over fleiraldra skog med lite påverknad av menneskeleg aktivitet. Det er gamal kystfuruskog med blåbærskog og lågurtskog med seintveksande furutre, stadvis truleg med alder på truleg over 300 år.

ein hakkespett på ei gamal trestamme
Hakkespettar er nøkkelartar som trivst godt i gamal skog der det er godt med daud ved. Denne kvitryggspetten treng gamle tre den kan hakke hol i for å etablere reir, i tillegg finn den godt med insekt i gamalskogen. Spettane våre er ikkje trekkfuglar, og dei nyttar som regel berre holet sitt eitt år. Etter det kan andre fugleartar som til dømes meiser, stær, ugler og duer flytte inn i holet. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tore Larsen.

Bekkekløft og raudlista naturtypar

Sørvest i tilbodsområdet ligg ei nordvendt kløft med velutvikla lav- og mosesamfunn med fuktkrevjande artar, og det finst fleire lokalitetar med velutvikla gamal boreal lauvskog med kravfulle raudlista artar som olivenlav og kystprikklav. Ved vatnet er det blåbær-svartorskog og alm-lindeskog av vestleg utforming med hasselkratt. Artsregistreringar som ospeildkjuke tyder på god kontinuitet av osp. Eit funn av blomsterstry (VU) var det andre funnet av arten på Vestlandet.

Arealet dekkjer også rik edellauvskog med grove tre av svartor, lind og eik. Det er registrert gamal fattig edellauvskog med hasselkratt og gamal svartorskog. Lokaliteten er ein del av eit større skogområde med kvalitetar knytt til både eldre lauvskog med rike lavsamfunn, regnskogsmiljø og eldre furuskog.

Skogen ved Gyttavatnet oppfyllar viktige manglar i skogvernet

Vi vurderer området til å oppfylle viktige manglar i skogvernet både i fylket og nasjonalt med gamal og variert rik og fattig edellauvskog, fattig boreonemoral regnskog og forholdsvis intakte område av lågareliggjande skog i boreonemoral og sørboreal vegetasjonssone. Sjå lenkjer til kartleggingar og omtale av naturmangfaldet til høgre i denne artikkelen.

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland

Det er ei nasjonal målsetjing å redusere tapet av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med litt over 3 prosent av skogen i fylket verna til no, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av skogen ved Gyttavatnet vil ein komme litt nærmare målet om å ta betre vare på sjeldne og truga artar og naturtypar i fylket.

Eit stort furutre
Skogen mellom Gyttavatnet og Fuglsetvatnet er rik på store, gamle tre. Det er stor variasjon i skogen, og området dekker både kystfuruskog, edellauvskog og svartorskog. Dette er truga naturtypar som vi har eit ansvar for å ta vare på for framtida. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne Gyttavatnet som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til restriksjonar på bruk av området når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigar vil ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil kunne nytte området til friluftsliv, plukke matsopp og bær. Kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde. Området er ikkje i utstrekt bruk som beiteområde for husdyr i dag, men det er hjort i området.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no innan 23. januar 2023.

For oppstartsbrev med adresseliste, utkast til vernekart og meir bakgrunnsinformasjon, sjå ramma til høgre i denne saka.