Tildeling av fornyings- og innovasjonsmidlar 2021
Statsforvaltaren har tildelt midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt for tilsaman 14,025 mill. kroner til kommunane i Vestland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi fekk inn 74 søknader med samla søknadssum på omlag 87 mill. kroner.
Vi har tildelt fornyingsmidlar i samsvar med retningslinjer frå kommunaldepartementet, og tilbakemeldingar frå KS sitt fylkesstyre og frå regionråd. Det er spesielt prosjekt til tenesteutvikling innafor feltet utsette barn og unge, og digitaliseringsprosjekt som omfattar alle kommunane i fylket, som er prioriterte i år.
20 prosjekt har fått tildelt midlar for tilsaman 14,025 mill. kroner.
Brev til kommunane og til kommunaldepartementet finn de til høgre i artikkelen.
I tabellen nedanfor finn de prosjekta som har fått tildelt midlar:
Kommune | Prosjekt nr. | Prosjekt | Tildelt sum |
Sunnfjord | 102 | E-helse Vestland. Vestland som kraftregion for teknologi helse- og omsorg 2021 | 3 000 000 |
Alver | 4 | Fag- og tenesteutvikling i Region Nordhordland Helsehus | 400 000 |
Bergen | 24 | Regional koordinator for Akson | 500 000 |
Askøy | 44 | "Ung i helse" - samarbeid mellom Øygarden og Askøy | 375 000 |
Øygarden | 53 | Aldri Alene. Kompetanse for tilsette og innbyggjarar for å hindre sjølvmord | 750 000 |
Askøy | 105 | LUP-prosjekt, utviklingsarbeid i "Askøyskolen" | 200 000 |
Ullensvang | 7 | Samhandling rundt utsette barn og unge | 600 000 |
Øygarden | 17 | Vendepunkt. Reparering og bearbeiding etter mobbe- og valdssaker | 500 000 |
Stad | 49 | Meiningsfull aktivitet for unge i Stad | 100 000 |
Stord | 87 | Rett hjelp der barnet bur | 750 000 |
Bergen | 100 | Digi Vestland - Digitalisering av plan, bygg og geodataområdet | 900 000 |
Bergen | 101 | Digi Vestland - Innføring av Digi helsestasjon | 500 000 |
Osterøy | 90 | Digital samhandling til det beste for barnet | 450 000 |
Bergen | 97 | Digi Vestland - Utvidelsen av digitaliseringssamarbeidet | 2 500 000 |
Alver | 33 | Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordaland | 600 000 |
Alver | 58 | Digitalisering av ROS i tenesteområda | 300 000 |
Bergen | 98 | Digi Vestland - Datasikkerheit og beredskap | 1 000 000 |
Kinn | 40 | Sirkulære Kinn | 200 000 |
Voss | 48 | Vossaklima 2030 | 200 000 |
Sogndal | 6 | Sogn for alle - foreldrestøtte for innvandrarar | 200 000 |
Samla tildeling kr. | 14 025 000 | ||
Kontaktpersonar
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35 -
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 / 95 80 97 40