Tverrfagleg master i kommunal leiing

Statsforvaltaren i Vestland har vore med på å utvikle eit nytt tverrfagleg masterprogram ved Universitetet i Bergen. Studiet har tre modular, alle med oppstart hausten 2022, og med første søknadsfrist 1. mai. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.04.2022

Executive master i kommunal ledelse er et nytt, modulbasert masterprogram ved Universitetet i Bergen. Programmet er utvikla i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland og Bergen kommune.

Masterprogrammet er sett saman av tre frittståande emne. Deltkararar kan ta emna enkeltvis eller sette dei saman til ei fullstendig mastergrad, inkludert ei avsluttande masteroppgåve.

Det første emnet starta hausten 2021 med 30 deltakarar frå små og store kommunar over heile landet. Deltakerane har variert fagleg bakgrunn og jobbar i ulike delar av den kommunale forvaltninga.

Ny oppstart hausten 2022

Alle tre emna startar opp på nytt hausten 2022. Søknadsfrist for første opptaksrunde er 1. mai, deretter er det løpende opptak fram til 1. september.

Les meir om innhald, organisering og opptakskrav: Executive master i kommunal ledelse

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.