Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving
- Dato:
- 25. november 2020 09:00 - 13:00
- Stad:
- Digitalt - nettmøte via Teams
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
På den digitale nettverkssamlinga får vi mellom anna gjennomgong av SIFO-rapporten "Hvordan går det med folks økonomi i koronatider?" og presentasjon av ny vegvisar for økonomi- og gjeldsrådgjeving. Du kan no melde deg på samlinga.
Nettverkssamlingane for økonomisk rådgjeving er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve.
Tema
På samlinga får vi presentert SIFO-rapport 12-2020 "Hvordan går det med folks økonomi i koronatider? Rapport nr 2" av Christian Poppe. Rapporten er den andre rapporten knytta til forskning på emnet.
Om du har spørsmål til Poppe knytt til rapporten, kan du allereie no melde dei inn på e-post til Inger-Helene Søgnen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar".
Tommy Grav frå Arbeids- og velferdsdirektoratet kjem til samlinga. Tema for Grav sitt innlegg vil vere:
- Ny vegvisar for økonomi- og gjeldsrådgjeving som er lagt ut på https://www.nav.no/okonomi-og-gjeld.
- Veileder for økonomisk rådgivning – til bruk for økonomiske rådgivere og veiledere i Nav i møte med selvstendig næringsdrivende og frilansere.
- Orientering om direktoratet sitt arbeide på fagområdet.
Vi legg opp til diskusjon i digitale grupperom under Grav sitt innlegg.
Om du har spørsmål til Grav som gjeld temaa han skal snakke om, kan du allereie no melde dei inn på e-post til Inger-Helene Søgnen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar".
Detaljert program for samlinga finn du under fana "Dokument".
Praktisk
Påmelde får tilsendt møteinnkalling til nettverkssamlinga på e-post etter at påmeldingsfristen er gått ut, og seinast dagen før samlinga.
Påmelde blir delt inn i grupper på tvers av Nav-kontor for disksusjon og erfaringsutveksling i digitale grupper. Det kjem eigen møteinnkalling på e-post til gruppene.
Grunna utfordringar med oppkoplinga til digitale møter i Teams, oppfordrar vi dei som melder seg på, til å registrere @nav.no-eposten i påmeldingsskjemaet. Om det er spørsmål knytt til dette, ta kontakt med Inger-Helene Søgnen. Kontaktinformasjon finn du under fana «Kontaktpersonar».
- Dato:
- 25. november 2020 09:00 - 13:00
- Stad:
- Digitalt - nettmøte via Teams
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve