Webinar Småskala grønsaksproduksjon i Vestland

Dato:
11. mai 2021 11:00 - 12:30
Stad:
Webinar Teams - påmelding påkrevd. Opptak.
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Innovasjon Norge og Bondens marknad
Målgruppe:
Tilsette i kommunane med ansvar for hagebruk, næringsutvikling og urbant landbruk
Påmeldingsfrist:
10. mai 2021 14:00
Småskala grønsaksproduksjon på Vie andelslandbruk i Førde.
Småskala grønsaksproduksjon på Vie andelslandbruk i Førde. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

Statsforvaltaren i Vestland arrangerer i samarbeid med Innovasjon Norge og Bondens marknad ei kort innføring i kva ein marknadshage er, samt støtteordningar innan småskala grønsaksproduksjon, frukt og bær gjennom Innovasjon Norge.

Publisert 05.05.2021

Omgrepet Marknadshage og småskala grønsaksproduksjon har breidd om seg både blant forbrukarar og bønder i heile Norge dei siste åra. I 2020 starta Statsforvaltaren i tre fylker eit samarbeid med lokalmataktørar i Norge og inspirasjon frå eit oppstartsprogram for marknadshagar i Sverige: www.stadsbruk.com .

Nokre av erfaringane kan de allreie no lese om på prosjektsidene www.markedshage.no . Webinaret den 11. mai vil gje dykk ein kort innføring i kva ein marknadshage er, kva prosjekt som eksisterer og korleis dei vil støtter opp om Innovasjon Norge sin støtteordning til småskala grønsaksproduksjon. 

PROGRAM

11:00-11:30

Støtteordning for småskala grønsaksproduksjon gjennom Innovasjon Norge v/May Britt Otterlei

11:30-12:00

Introduksjon til kva ein marknadshage er og kva for prosjekt som eksisterar i Vestland fylke, v/Frøydis Lindén, Statsforvaltaren i Vestland

Bondens marknad informerer kort om marknadshagekurset og Vestlandsbondens grønsakskurv v/Maya F. Greve, Bondens marked

12:00-12:30 - spørsmål

Det vil bli gjort opptak av webinaret på Teams og det vil bli liggande som opptak i Teams i etterkant av webinaret. Berre dei som er påmelde, får tilgang til opptaket. 

Dato:
11. mai 2021 11:00 - 12:30
Stad:
Webinar Teams - påmelding påkrevd. Opptak.
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Innovasjon Norge og Bondens marknad
Målgruppe:
Tilsette i kommunane med ansvar for hagebruk, næringsutvikling og urbant landbruk
Påmeldingsfrist:
10. mai 2021 14:00