Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
9. september 2021 09:00 - 14:00
Stad:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
8. september 2021 12:00

På samlinga får vi innlegg frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Vi får også innlegg frå Nav Bergen nord. Du kan melde deg på samlinga no. 

Publisert 22.01.2021, Oppdatert 08.09.2021

Nettverket er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette i Vestland som arbeider med kvalifiseringsprogrammet. Statsforvaltaren er vertskap, i samarbeid med Nav Vestland.

Program

På første samling etter sommarferien får vi fleire innlegg og presentasjonar.

Nav Bergen nord held innlegg om deltakinga i prosjektet «Identifisering av deltagere til Kvalifiseringsprogrammet».

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet presenterer ny integreringslov, og seier noko om den nye rettleiaren om samarbeid mellom kommunen og Arbeids- og velferdsetaten om Introduksjonsprogrammet: Samarbeid mellom kommunen og Arbeids- og velferdsetaten om introduksjonsprogrammet | IMDi

Det vert lagt opp til dialog og spørsmål/innspel under innlegga. Om de har spørsmål allereie no, kan de sende dei direkte til Sunniva Skogen på e-post. Kontaktinformasjon finn de under fana «Kontaktpersonar».

Vi tek atterhald om eventuelle endringar i tidsramme eller programmet.

Om påmelding og oppkoblingslenkje

Påmelding til samlinga skjer kun via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sendast til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet. 

Vi ber dykk merke dykk påmeldingsfristen som er 8. september 2021 kl. 12.00.

Statsforvaltaren sender ut møteinnkalling med oppkoblingslenkje til nettverkssamlinga i Teams til e-posten du har registrert i påmeldingsskjemaet etter påmeldingsfristen er gått ut, men seinast torsdag 9. september kl. 08.00.

Dato:
9. september 2021 09:00 - 14:00
Stad:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
8. september 2021 12:00