Naturmangfaldsveka 2023
- Dato:
- 17. januar 2023 09:30 - 20. januar 2023 11:00
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar, både adminstrasjon og politikarar, lag, organisasjonar, rådgjevarar, med fleire
- Påmeldingsfrist:
- 16. januar 2023 14:00
Vi inviterar kommunane i Vestland til digitalt webinar om naturmangfald og praktisk forvaltning.
Det blir innleierar frå blant anna OsloMet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Mijøfagleg Utredning, Høgskulen på Vestlandet, kommunar, Vestland fylkeskommune, PEFC Norge, Norce LFI og Statsforvaltaren i Vestland. Under ser du tema for dei ulike dagane, fullstendig program ligg i høgrefana.
Klikk på lenkja til den enkelte dagen, og du kjem direkte inn i møtet.
Program
Tysdag 17. januar 09.30 - 11.00: Arealbruk
Kan naturrekneskap styrke naturomsynet i kommunale planar?
Landskapet i eit fugleperspektiv.
Korleis ta omsyn til areal og naturmiljø i framtidig hyttebygging? Rettleiar om planlegging av fritidsbustader.
Onsdag 18. januar 09.30 - 11.00: Vassdrag, kantsone og flaum
Flaum og miljø i eit endra klima. Restaurering, flaumsikring og betra miljøtilstand.
Nydyrking langs vassdrag.
Kantvegetasjon langs vassdrag.
Korleis bygge opp kantvegetasjon - Eksempel frå intensiv produksjonsskog.
Orientering om ny PEFC skogstandard.
Torsdag 19. januar 09.30 - 11.00: Naturmangfald, kartlegging og bruk av kartdata
Kartlegging etter miljødirektoratets instruks («NiN-kartlegging»). Kva informasjon kan ein hente ut av faktaarka?
Naturbasen, Artskart, økologisk grunnkart. Korleis bruke dei ulike kartbasane, og korleis tolke den informasjonen som ligg der.
Framande artar i kommunal forvalting.
Utfordringar og erfaringar frå kommunane sitt arbeid med framande artar.
Fredag 20. januar 09.30 - 11.00: Artar og naturområde
Hjorteviltforvalting på Vestlandet og verknader på naturmangfaldet.
Om hjort og naturmangfald, og kommunane si rolle i hjorteforvaltinga.
Naturrestaurering i tettbygde strøk – døme frå Bergen.
Vi stengjer for påmelding den 16. januar kl. 14, men om du ikkje er påmeldt kan du framleis klikke på møtelenkja og komme direkte inn i webinaret på den dagen du ønskjer.
Webinaret er gratis.
Om du melder deg på innan fristen får du tilsendt lenkje til møtet i forkant av webinaret. Vi gjer merksam på at møtet vert tatt opp. Opptaket vil bli gjort tilgjengeleg for deltakarane i etterkant av møtet.
Velkomen!
- Dato:
- 17. januar 2023 09:30 - 20. januar 2023 11:00
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar, både adminstrasjon og politikarar, lag, organisasjonar, rådgjevarar, med fleire
- Påmeldingsfrist:
- 16. januar 2023 14:00
Kontaktpersonar
-
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47