Webinar om hamnespy/japansk sjøpung

Dato:
31. august 2023 09:00 - 11:00
Stad:
Webinar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Industriverksemder med sjørelatert aktivitet og større hamner, og andre
Påmeldingsfrist:
29. august 2023 23:59
Bilete under vatn av ei teppedannande grå organisme.
Hamnespy er kolonidannande, dvs. ei samling av mange individ. Der den slår seg til, har den ei teppeliknade utbreiing som kveler andre organismar. Foto: Havforskningsinstituttet.

Statsforvaltaren inviterer til webinar om hamnespy/japansk sjøpung torsdag den 31. august 2023. Arten trugar både økosystem og næringsinteresser, og vi vil komme med oppdatert informasjon til verksemder med sjørelatert aktivitet, hamner, kommunar og andre. 

Publisert 07.08.2023

Lenkje til opptak

Opptak av webinar om hamnespy - tilgjengeleg i 2 veker

Kvifor webinar om hamnespy?

Den framande arten hamnespy (Didemnum vexillum) spreiar seg på Vestlandet og kan skape problem for norsk marin flora og fauna. Den er oppdaga i fleire større hamnar og vassprøvar av miljøDNA tydar på at fleire områder langs kysten er råka. Hamnespy kan formeire seg raskt, og spreier seg via skips- og båttrafikk, teiner, tauverk og anna utstyr som står i sjøen.

Oppdatert informasjon om hamnespy

Vi ser på situasjonen med stort alvor, og ønskjer å komme med oppdatert informasjon til blant anna industriverksemder med sjørelatert aktivitet og større hamner på Vestlandet. I webinaret vil vi få siste nytt frå Havforskningsinstituttet, Statsforvaltaren og Sjøfartsdirektoratet. I tillegg vil verksemder dele si erfaring. Vi inviterer til eit felles webinar på Teams torsdag 31. august 9.00 - 11.00. 

Program

09:00 Velkomen!

09:02 – 09:20 Havforskningsinstituttet ­- Vivian Husa – Kartlegging og tiltak

09:20 – 09:40 Miljødirektoratet – Marit Bull Talberg – Regelverk og nasjonale føringer

09:40 – 09:50 Sjøfartsdirektoratet –  Karolina Lundberg – «IMOs retningslinjer for begroing på skip»

09:50 – 10:00 Statsforvaltaren – Julie Marie Andersen - Kva er eigentleg vår rolle?

10:00 – 10:10 Spørsmål og beinstrekk

10:10 – 10:20 Westcon Florø – Mari Bente Frøysa

10:20 – 10:30 Semco – Tor Erik Christoffersen

10:30 - 10:40 Karmsund Havn - Geirmund Eikje 

10:40 – 11:00 Diskusjon

Opptaket vil bli gjort tilgjengeleg etter møtet

Vi gjer merksam på at møtet vert tatt opp. Opptaket vil bli gjort tilgjengeleg i 14 dagar etter arrangementets slutt. 

Webinaret er gratis.

Velkomen!

Dato:
31. august 2023 09:00 - 11:00
Stad:
Webinar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Industriverksemder med sjørelatert aktivitet og større hamner, og andre
Påmeldingsfrist:
29. august 2023 23:59