Tilskot til CWD-tiltak
For årets beitesesong er det laga eit eige søknadsskjema i Altinn for å søkje tilskot til å dekkje ekstraordinære kostnader knytt til CWD-tiltak i Nordfjella-sona og Hardangevidda-sona.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Beitenæringa i Vestfold og Telemark, Vestland og Viken som er omfatta av forskrifta for å avgrense spreiinga av Chronic Wasting Disease (CWD) hjå hjortedyr, kan no søkje om tilskot for å dekkje ekstraordinære kostnader knytt til dette. Søknadsfristen er 1. november, og du må søkje via Altinn.
I år er 6,5 millionar kroner øyremerka tiltak knytt til kostnader for beitenæringa som følgje av tiltak mot skrantesjuke i Nordfjella-sona og Hardangervidda-sona i tråd med CWD-soneforskrifta. Midlane vert forvalta av Statsforvaltaren i Oslo og Viken i samarbeid med statsforvaltarane i Vestfold og Telemark og i Vestland.
Sjå vedlagt utlysingsbrev for utfyllande informasjon kring ordninga og korleis du skal søkje.