Utvida bandtvang med heimel i hundelova
Hundelova gir reglar for når hundar skal haldast i band. Kommunane kan med heimel i lova lage forskrift om utvida bandtvang.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.08.2023
Viss kommunen vil lage ei slik forskrift, må han halde seg innafor dei rammene hundelova set.
I samband med dei nylege endringane hundelova, vart det uttrykt trong for ein rettleiar som kan bidra til likare praktisering og tolking av kommunane sine forskriftsheimlar. Spørsmålet er med andre ord kva som er rammene for kommunane sin kompetanse etter hundelova.
Vedlagt denne saka finn du derfor eit notat der vi utdjupar nettopp dette.