Kven har rett på autorisasjon?
Det er ofte mange spørsmål kring kva som skal til for å få rett til autorisasjon. Det er strengare kriterier for å få autorisasjon for gnagarar enn for plantevernmiddel. Sett deg inn i desse kriteria før du melder deg opp til kurs i ein av autorisasjonsordningane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Plantevernmiddel
Autorisasjon for bruk av plantevernmiddel kan du få dersom du har yrkesmessig behov for å nytte plantevern i din arbeidskvardag. Du kan til dømes arbeide som anleggsgartnar, selje plantevernmiddel som tilsett på Felleskjøpet eller vere gardbrukar med aktiv drift, der du treng å blande til og spreie plantevernmiddel. For å få autorisasjon for plantevernmiddel må du vere over 18 år, ha gjennomført kurs og bestått eksamen.
Gardsdrifta di må vere aktiv og ikkje bere preg av hobbydrift. Landbrukskontoret vil vurdere om du har aktiv drift. Dei sjekkar organisasjonsnummeret ditt, om du mottek produksjonstilskot og er momspliktig. Dei vurderer også heilskapen i drifta di og om du er i ein oppbyggings- eller omstillingsfase på garden.
Dersom du driv økologisk drift og nyttar plantevernmiddel som er lov etter Forskrift for økologisk landbruk, må du også ha autorisasjonsbevis for å kunne kjøpe og bruke plantevernmiddel.
Du kan lese meir om vilkåra for å få autorisasjon i bruk av plantevernmiddel på Mattilsynet sine sider: Plantevernmiddel
Det er viktig at dyser er riktig innstilt og utblanding av sprøytevæske er nøyaktig utrekna, for å unngå feil bruk og skadeverknader av plantevern både på folk og natur. Her blir ei sprøyte funksjonstesta på ein markvandring med Norsk Landbruksrådgiving.
Gnagarmiddel
Autorisasjon for bruk av gnagarmiddel er ein tilleggsautorisasjon som bygger på autorisasjon for plantevern. Du må difor ha godkjent autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmiddel for å ha rett til gnagarmiddelautorisasjon. Det er også strengare krav utover det å ha teke kurs og bestått eksamen. Du må eige eller leige ein gard for å få gnagarmiddelautorisasjon. Du kan til dømes ikkje vere ein av kårfolka, tilsett eller nokre av etterkommarane på garden. Dersom du ikkje kan oppfylle krava til autorisasjon, må du kjøpe saneringstenester frå eit firma som driv skadedyrkontroll.
Du kan lese meir om vilkåra for å få autorisasjon i bruk av gnagarmiddel på Mattilsynet sine sider: Gnagarmiddel