Erstatning for redusert avling grunna manglande arbeidskraft

I 2020 vart avlingsskadeerstatninga utvida til å omfatte produksjonssvikt grunna manglande arbeidskraft i innhaustinga som følgje av covid-19. Denne ordninga blir vidareført i 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.08.2021

Utvida avlingsskadeerstatning grunna manglande arbeidskraft i innhaustinga gjeld vekstgruppene frukt, bær, grønsaker og potet. Redusert avling grunna manglande arbeidskraft under etablering og stell før kulturen er haustemoden blir ikkje erstatta. For å ha rett på erstatning må føretaket ha over 30 % tapt avling i kilo. Tap av avling blir berekna i høve til forventa avlingsmengd ved normalår.

Meld frå til kommunen din

Avlingssvikt grunna manglande arbeidskraft skal bli meldt inn til kommunen. Dette skal bli gjort så snart føretaket mistenker avlingssvikt grunna manglande arbeidskraft. Kommunane skal utføre feltkontroll når avlingssvikt blir meldt. Under feltkontroll skal kommunen vurdere om det har vore normal god drift av arealet, kor mykje avling som ikkje har blitt hausta og kor stor del av tapet som skuldast manglande arbeidskraft i innhaustinga. Feltkontroll skal bli utført på alle føretak som melder frå om avlingssvikt som følgje av manglande arbeidskraft.

Eigne søknadsskjema

Ver oppmerksam på å nytte rett søknadsskjema. Ein finn søknadsskjema som omfattar spesifikt avlingsskadeerstatning grunna manglande arbeidskraft på Altinn. Søknadsfrist er 31. oktober.

Dokumentasjonskrav

Føretak som søkjer avlingsskadeerstatning grunna manglande arbeidskraft må legge fram følgjande dokumentasjon:

  • Behovet for sesongarbeidskraft i innhaustinga
  • At mangel på arbeidskraft grunna koronarestriksjonar er årsak til at avlinga ikkje blir hausta
  • Kva som har blitt gjort for å skaffe nok arbeidskraft til innhaustinga
  • Kva som har blitt gjort for å hauste så stor avling som mogleg

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.