Samarbeid mellom bønder og FOU-miljø

Robot klipper graset mellom radene av epletre.
Roboten blir testa ute i felt. Foto: Raquel Motzfeldt Tirach.

«Teknoløft Sogn og Fjordane» ber frukter. I samarbeid med næringa blir det forska, utvikla og testa ut robotar tilpassa vestlandsk hagebruk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.09.2023

Gjennom prosjektet «Teknoløft Sogn og Fjordane» har Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Vestlandsforsking hatt som mål å knyte saman regionale FOU-miljø og det lokale næringslivet. I eit fylke der produksjon av frukt og bær er viktig, har merksemda vorte retta mot landbruksnæringa og hagebruket. Dette har resultert i nye forsøksfasilitetar og spennande prosjekt:

RoboVest

For drygt eitt år sidan vart forsøksfasiliteten «RoboVest» høgtidleg opna, med forskingsmiljø, det offentlege og landbruksnæringa til stades. Opninga fann stad i flotte omgjevnadar på Njøs, ein lokasjon med lang historie knytt til forsking på frukt og bær.

Det er ikkje tilfeldig at det nye anlegget vart plassert på Njøs. Målet med RoboVest er nemleg å utforske korleis bringebærproduksjon på Vestlandet kan sjå ut i framtida, med innslag av sensorar, robotikk og nye sortar. RoboVest representerer på denne måten eit møte mellom robotikkmiljøet på HVL, robotikkfirma, som Fieldwork Robotics og nLink, og den dyrkingstekniske og biologiske kompetansen ved Njøs Frukt- og Bærsenter.

FutuRaPS

Den relativt nye forsøksfasiliteten skal mellom anna huse delar av prosjektet FutuRaPS. Dette prosjektet skal utforske robotisering og stordata i bringebærdyrking på Vestlandet, ein region prega av bratt terreng, små teigar og mykje nedbør.

Beatriz Lopez Rodriguez er ein av PhD-studentane som jobbar i prosjektet. Ho peikar på at det er store spørsmål som skal svarast ut i prosjektet, og at problemstillingane er knytte til både til biologi, teknikk, økonomi og sosiale tilhøve. No gjennomfører Beatriz intervju av bærplukkarar i Sogn, der ho vektlegg både på det plukketekniske og det sosiale kring det å arbeide som sesongtilsett hos bærdyrkarar i Vestland. Ho filmar også plukketeknikken til dei tilsette, for å trekkje ut kva eigenskapar ein robot må ha.

Robotgrasklippar

I Førde skjer det også spennande ting. Raquel Motzfeldt Tirach er ein av fleire ingeniørar ved Høgskulen på Vestlandet. Her vert det jobba med å utvikle ein robotgrasklippar som er tilpassa fruktfelt på bratte vestlandsgardar. Raquel kan fortelje at dette prosjektet vart sett i gong som eit resultat av ein workshop med fruktdyrkarar i Lærdal. Der kom det fram at mykje tid vart brukt til å slå gras mellom frukttrea. Dersom ein robot kunne gjere denne jobben, ville mykje tid verte frigjort. Per i dag finst det ikkje ein robotgrasklippar som er tilstrekkeleg robust til å slå i fruktfelt.

Saman med kollegaer, som mellom anna PhD-stipendiat Daniel Schäle, har Raquel arbeidd med roboten sin autonomi og navigasjon. Neste steg i prosjektet er å kople grasklipparen til roboten, teste han i felt og studere robustheit og liknande. Raquel er oppvaksen i Sør-Frankrike, omkransa av bratte vingardar, og ser samanhengar. Kanskje denne teknologien frå Vestland kan nyttast der også i framtida?

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar