Småskalaprodusentar i Ytre Sogn

Rødkålhode i åkeren, kløver innimellom
Foto: F.Lindén / SFVL.

I ytre Sogn finn ein småskala grøntprodusentar i Vetlefjorden i Balestrand kommune, på Sæle i Høyanger kommune, og i Gulen på andre sida av Sognefjorden. Bli med på ein rundtur til dei og sjå nokre bilete frå årets produksjon i juni. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.07.2023

Rendedal gard

Sæle gard

Gulen gartneri

 

Rendedal gard

I Vetlefjorden driv Renate Rendedal med litt over 60 vinterfora sauer og er i ferd med å legge om drifta meir i retning av regenerative prisipper og har nett fullført eit kurs i Holistic Management.

Kvinne i rosa jakke forran grønnsaksfelt.
Foto: F. Lindén / SFVL.

Biletet over er frå 2021. Då starta ho etablering av ein marknadshage nær tunet. I mellomtida har familien vorte større, og no satsar Renate på å rasjonalisere produksjonen meir og kanskje leige inn hjelp i kortare periodar på sommaren.

Rekker med grønnsaker, hvit ull under kål
Foto: F. Lindén / SFVL.

Renate har vorte kjent med jordkvaliteten på dei flate jordene og ynskjer på sikt å etablere areal med fleirårige vekstar som rabarbra og bær, i tillegg til marknadshagen.

Landskap med grønnsaksfelt
Foto: F. Lindén / SFVL.

Ho har sjølvsagt traktor på garden og vurderer å utvide med ein spesialisert produksjon på nokre av kulturane (til dømes potet, gulrot og kanskje eit felt med ulike kålslag).

Traktor bak senger med jord klar til å sås til eller plantes til med grønnsaker.
Foto: F. Lindén / SFVL.

 

Sjå fleire bilete og bli oppdatert på:

Facebook 

Instagram

Heimeside

 

FAKTA

Rendedal gard

Garden blir drifta av: Renate Rendedal 

Kommersielt oppstartsår: 2020

Antall daa markedshage (ink/gang): 1,5 daa

Traktordreven grønnsaksproduksjon i tillegg?: Ja, potet

Dominerande jordtype: Siltig mellomsand

Kommune: Høyanger: Balestrand - Vetlefjorden

Herdigheitssone: 2-3

Siste frost-dato: Midten av mai

Omsetningskanaler: REKO, restaurant, hotell.

Tunnel/drivhus: Nei, men planlegg å kjøpe inn tunnell

Andre produksjonar/aktivitetar: Sau

Debiosertifisert økologisk: Karens, godkjent frå 2024

 

Sæle gard i Balestrand

Renate Sæle driv grønsaksproduksjonen med ein mindre jordbærproduksjon på heimgarden. Faren har ansvaret for dyrking av frukt og potet.

Kvinne med brokkoli i forgrunnen og fjordlandskap i bakgrunnen
Foto: Renate Sæle / Grøne greier.

Grønsaksproduksjonen er på om lag 1,2 daa, i sørvend helling mellom riksvegen og Sognefjorden.

Kvinne løfte kvit insektsduk mellom frukttrær
Foto: F. Lindén / SFVL.

Nokre av grønsaksradene og jordbærfelta er mellom frukttrea, dersom det er god plass.

Stativ med stein bak, ulike ting som brukes for å skylle grønnsaker
Foto: F. Lindén / SFVL.

Midt imellom dei to dyrkingsareala har Sæle bygd ein effektiv skylje- og arbeidsstasjon, med plass til mellomlagring av småplanter. Det lettar arbeidsprosessen og gjer den tryggare, då ho elles må krysse riksvegen for å komme til gardstunet.

Papirpose med grønnsaker, nokre av dei er pakka i plast.
Foto: Renate Sæle / Grøne Greier.

Rentate Sæle starta med sal av grønsaker i 2022, og sel til lokale verksemder, private kundar på REKO-ringane i Førde og Sogndal og til abonnentar (per no 10 stk). Over er ein vanleg pose kundane får, med ulike grønsaker som er mogne den veka (6-8 slag).

 

Fjøsbygning i bakgrunnen, grønnsaksrekker i forgrunnen
Foto: F.LInden / SFVL.

Sæle driv grønsaksproduksjonen på heimgarden attåt full jobb, og planlegg difor ikkje stor utviding av produksjonen. 

Les meir og sjå fleire bilete på:

Facebook 

 

Gulen gartneri

Grete Overdevest tok for få år sidan over drifta på garden i Dalsøyra, i Gulen kommune.

Kvinne på siden som ser på vintergrønne trær
Foto: F. Lindén / SFVL.

Foreldra etablerte eit gartneri i 1986 med drivhus, og planta mykje pyntegrønt på innmarka som Grete no kan hauste godt av.

Planter i potter i et drivhus
Foto: F. Lindén / SFVL.

I det uoppvarma drivhuset har ho oppal av småplanter og nokre varmekrevande grønsaksvekster og blomar i potter.

Rekker med grønnsaker på jord og plast,  og drivhus i bakgrunnen til venstre.
Foto: F. Lindén / SFVL.

Grete driv i dag i tillegg ein mindre frilandsproduksjon av grønsaker og blomar, og starta med ein salsproduksjon i 2020.

Grønnsaker på bord i bunter, i plastbokser og i trekasser.
Foto: Grete Overdevest / Gulen Gartneri.

Grete sel i hovudsak alle småplantene, blomane og grønsakene på Bondens marknad i Bergen. Produksjonen er økologisk: Debio-godkjent.

Ved juletider har ho eit breidt utval av pyntegrønt.

 

Sjå fleire bilete og bli kjent med produksjonen på sosiale medier:

Facebook

Instagram

Heimeside – Bondens marked

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.