Klimaplan på gardsnivå
Klimarådgiving er i vinden. No vert dette premiert med tilskot gjennom RMP, og ekstra mjølkepris frå TINE.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 08.02.2023
I samarbeid med Klimaprosjektet i Vestland inviterte vi landbruksforvaltninga i kommunen til Teams-møte om klimakalkulatoren og lokal mobilisering for klimarådgjeving på gardsnivå.
Opptak finn du på nettsida til Klimaprosjektet.
Program
- Velkommen v/Bjørn-Harald Haugsvær, Statsforvaltaren
- Kva er prosjekt KlimaVest v/ Lene Vangberg Monsen
- God agronomi og klima v/ Helena Elvatun, NLR
- Bærekraftstillegget ved bruk av klimakalkulator for mjølkeprodusentane v/ Jan Asle Torstad, Tine
- Kva er klimakalkulatoren og kvifor er det viktig å ta den i bruk? Eksempel på klimahandlingsplan på gardsnivå v/ Spydspissbonde Geir Støfring
- Lokale møte i samarbeid mellom kommunen og lokalt bondelag med praktisk gjennomføring av klimakalkulatoren v/ Bjørn-Harald Haugsvær, Statsforvaltaren
For å gjere avtale om lokalt møte kontaktar du prosjektleiar Lene Vangberg Monsen på kontakt@klimavest.no.
For å be om utbetaling av tilskot til lokale møte nyttar du dette skjemaet.