Vestlandsambassadørar i Berlin
Den store messa Internationale Grüne Woche (ISW) i Berlin er attende, etter pandemipause. Dei norske deltakarane er valde ut. Dette vert glimrande reklame for Noreg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. Denne gongen reiser 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen til den største matmessa i verda, Internationale Grüne Woche i Berlin.
Messedeltakinga er eit stort prosjekt som er eigd av Landbruks- og matdepartementet. Den nasjonale prosjektleiinga ligg hos Innovasjon Norge. Det store målet for innsatsen som vert investert her er å byggje Norge som ein sterk mat- og reiselivsnasjon. Sidan arrangementet i Berlin samstundes også er “Noregs største lokalmatfestival” styrker dette arbeidet omdømet til norsk landbruk og norsk mat og drikke. Deltakarane får også sjansen til å samarbeide meir mellom regionane. Nye nettverk stimulerer til nyskaping – dette er ein klassisk vinn-vinn-konstellasjon.
Regionalt er vi organisert som eit samarbeidsprosjekt mellom statsforvaltarane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Vestlandsregionen har vore del av dette prosjektet mange gonger før, noko som ikkje er tilfeldig.
Messa Internationale Grüne Woche starta i 1926 som ei enkel varemesse for landbruksprodukt. No reknar arrangørane med nesten 1900 utstillarar frå 72 land og ca. 400 000 besøkjande på totalt 128 000 m2 areal.
For å vere litt smålåten; Norge har ein av dei finaste standpresentasjonane i Berlin. I 2023 er det regionane Fjord Norge og Trøndelag som er valde til å vise fram dei beste råvarene og til å fortelje om Norge som reiseland. Vårt land er i utgangspunkt eit populært reisemål for tyskarane. Vi vil forsterke denne interessa gjennom dei lekraste mat- og drikkekombinasjonane.
Også i år har vi måtta velje mellom eit mangfald av fantastiske produsentar som gjer det mogeleg å servere smakfulle rettar med ost, sider, ulike typar kjøt, røykelaks og sjokolade på messa. Deltakarane frå regionen vår er:
Vestland |
Edel Sider/Åkre Gard |
|
Fjellestad Gardskjøken |
|
Fretheim Hotell |
|
Gardsbrenneriet AS |
|
Hardangerbonden |
|
Myrdal Gard |
|
Slettevollen Gardsysteriet i Brekke |
|
Kandal Kjøtt |
|
Varegga Mat fra Bergen AS |
|
Buer Gård og Restaurant |
Møre og Romsdal |
Eggen Restaurant |
|
Frøysagarden |
|
Tingvoll Sider på Strupstad Gard (Sølv og bronse i Nordic Cider Awards 2022) |
|
Sider AS |
|
Skarbø Gard |
Rogaland |
Apal Sideri |
|
Lysefjorden Sjokolade |
|
OmCider AS |
|
Ryfylke Gardsysteri |
|
Ystepikene AS |
For meir informasjon om IGW 20.-29.januar 2023 kan du ta kontakt med prosjektleiarane Dirk Kohlmann, Statsforvaltaren i Vestland eller Ingerid Wembstad, Matarena AS.
Kontaktpersonar
-
Marit Hjortung
Tlf: 57 64 30 89 / 90 61 95 92 -
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50 -
Marie Teigland
Tlf: 71 25 84 39 -
Ingerid Wembstad
Tlf: 99 40 39 99