Tildeling av midlar frå klima og miljøprogrammet 2023
Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det kom inn 10 søknader med samla søknadssum på om lag 1,3 millionar kroner. Sju av desse har fått tildelt midlar til ein samla sum av 650 000 kr.
Programmet omhandlar dei fem kategoriane klimatilpassing, klimagassutslepp, jord, naturmangfald og kulturverdiar i kulturlandskapet og forureining til vatn, jord og luft.
Prosjekta som har fått støtte i år medverkar til å nå målet med ordninga. Det inneber at eksisterande eller ny kunnskap når ut til næringsutøvarane, oppdaterer kunnskap for rådgjeving og forvaltning, og informerer om jordbruket sin miljøinnsats til samfunnet elles.
I tabellen under finn de prosjekta som har fått tildelt midlar i 2023:
Søkjar | Prosjekt | Sum |
NLR Vest SA | Kan ein redusere plastforbruket i landbruket, gjennom kartlegging og kunnskapsauke hjå bønder ? | 139 000 |
NIBIO Fureneset | Fagseminar: Klima bærekraft, biomangfold og produksjon - Er det mulig å balansere dei ulike målsetningane i landbruket ? | 75 000 |
Karbonfangst og Lagring. Natur. Mentzoni | Karbonfanger 2023 | 70 000 |
Norges Bondelag | Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket | 150 000 |
Bergen kommune - Bymiljøetaten | Kantsoner langs elver i landbruksområder | 50 000 |
NLR Vest SA | Bruk av faste køyrespor på Vestlandet | 140 000 |
Landbruksforvaltninga Askvoll og Fjaler | Fagmøte: Klima husdyrgjødsel, biogass og økonomi | 27 000 |