Oversikt over regionale miljøtilskot i Vestland
Under fylgjer ei oversikt over dei regionale miljøtilskota i Vestland. Krav, avgrensingar, tilskotssatsar og informasjon per tiltak finn du ved å klikka på tiltaksnamna i tabellen under. Tabellen er oppdatert for søknadsomgangen 2024.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 19.04.2023, Sist endra 08.04.2024
| Tiltak | Forklaring | |
| Kulturlandskap | ||
| § 4 | 2024 Drift av bratt areal | Slått og hausting av bratt, dyrka grasareal, og drift av bratt hagebruksareal med næringsføremål |
| § 5 | 2024 Drift av beitelag | Driftstilskot til beitelag (utmark) |
| § 6 | Skjøtselsbeiting med geit på innmarksbeite. | |
| § 7 | 2024 Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark | Sau på utmarksbeite frå og med 600 meter over havet. |
| § 8 | 2024 Slått av verdifulle jordbrukslandskap | Slått av veglaus dyrka mark |
| Biologisk mangfald | ||
| § 9 | 2024 Slått av slåttemark | Slått av slåttemark og lauveng registrert i Naturbase |
| § 10 | 2024 Beiting av kystlynghei | Vinterbeiting av kystlynghei registrert i Naturbase |
| § 11 | 2024 Brenning av kystlynghei | Brenning av areal som vert vinterbeita og som er godkjent for tiltaket Beiting av kystlynghei |
| § 12 | 2024 Skjøtsel av truga naturtypar | Beiting av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase |
| § 13 | 2024 Skjøtsel av styvingstre | Styving av styvingstre i søknadsåret |
| § 14 | 2024 Soner for pollinerande insekt | Tiltaket gjeld berre i Lærdal kommune. Beiting og slått av pollinatorvenlege soner på og ved jordbruksareal. |
| § 15 | 2024 Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl | Markering av reir og sein slått ved reir for vipe, åkerrikse og storspove på jordbruksareal. |
| Kulturminne og kulturmiljø | ||
| § 16 |
2024 Drift av seter |
Drift av støl med mjølkeproduksjon med levering til meieri eller eigen foredling |
| § 17 |
Beiting og slått ved automatisk freda kulturminne på eller inntil jordbruksareal |
|
| Avrenning til vatn og utslepp til luft | ||
| § 18 | 2024 Kantsone i eng | Gjødsel- og sprøytemiddelfri sone i eng ved utvalde vassdrag. |
| § 19 | 2024 Spreiing av all husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen | Spreiing av all husdyrgjødsel føretaket skal spreie innan 10. august. Gjeld berre nær elvemuslingsvassdrag. |
| § 20 | 2024 Nedlegging av husdyrgjødsel | Nedlegging av husdyrgjødsel innan 10. august på det arealet ein søker tilskotet for. Dersom ein brukar tilførselsslange, må ein søke om TO tilskot (§20 og § 22) for å få fullt tilskot. |
| § 21 | 2024 Nedfelling av husdyrgjødsel | Nedfelling av husdyrgjødsel innan 10. august på det arealet ein søker tilskotet for. Dersom ein brukar tilførselsslange, må ein søke om TO tilskot (§21 og §22) for å få fullt tilskot. |
| § 22 | 2024 Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange | Tiltaket gjeld berre i kombinasjon med nedlegging (§20) eller nedfelling (§21). |
| Plantevern, jord og jordhelse | ||
| § 23 | 2024 Nedkjemping av ugras i radkulturar | Flamming eller mekanisk bekjemping av ugras i potet- og grønsaksproduksjon. |
| § 24 | 2024 Fangvekstar sådd etter hausting | Såing av fangvekst etter tidleg hausting innan potet- og grønsaksproduksjon. |
| Klimarådgjeving | ||
| § 26 | 2024 Klimarådgjeving | Klimarådgjeving med NLR og/eller Tine der det vert laga klimatiltaksplan for føretaket. Tiltaksplan skal leggjast ved søknaden. |