Tilskot til skjøtsel av truga naturtypar (beiting av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase)
Det kan gjevast tilskot for beiting av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase, der beitinga er gjennomført slik at det biologiske mangfaldet i naturtypen blir teke vare på eller forbetra.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vera gjødsla, jordarbeidd eller sprøyta med plantevernmiddel. Arealet skal beitast med høveleg beitetrykk. Både for sterkt og for svakt beitetrykk kan forringe naturtypen og redusere artsmangfaldet.
Dersom det er beitedyr frå ulike føretak som beiter på det same arealet, må arealet i søknaden delast mellom føretaka. Dette fordi tilskotet blir betalt for den skjøtselsjobben som beitedyra gjer, og tilskotet kan berre betalast èin gong for eit gitt areal i same søknadsomgangen.
Felles areal i utmark kan ikkje teiknast inn gjennom den digitale kartløysinga i søknaden . Dersom ein ynskjer å søke om tilskot for nye lokalitetar i felles utmark, må søkar teikne desse på eige kart og levere til kommunen som legg arealet til i elektronisk søknad. Kartteikningar som er registrerte i elektronisk søknad kan importerast til seinare søknadsomgangar.
For lokalitetar som er registrerte i Naturbase med anna verdi/kvalitet enn «Svært viktig», «Viktig» eller «Lokalt viktig», skal ein nytte tiltaksklassen «Viktig» i søknadsskjemaet. Registrering i Naturbase er ikkje nok til å få tilskotet, då skjøtselskrava også skal vere oppfylte.
Føretak som skjøttar areal som kan vere aktuelle for dette tiltaket, men der arealet ikkje er registrert i Naturbase, må kontakte kommunen for om mogleg å få arealet vurdert og lagt inn i Naturbase før det kan søkast om tilskot. Godkjenning og registrering i Naturbase vert utført av Statsforvaltaren, og denne prosessen kan ta litt tid.
Beitinga skal utførast i samsvar med fastsette skjøtselsråd; sjå skjøtselsråd for beiting av naturbeitemark og hagemark under.
Føretak som mottek dette tilskotet kan ikkje i same søknadsomgang gjevast tilskot for same areal etter § 14 Soner for pollinerande insekt.
Tiltaksklasse, utmålingseining og førebels tilskotssats
- Beiting kr 100 per daa
Inntil 70 dekar per føretak
(Beiting, i samsvar med skjøtselsråd, av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase)
Skjøtselsråd for beiting av naturbeitemark og hagemark
Dersom det finst skjøtselsråd for lokaliteten i Naturbase, bør ein følgje desse. Dersom det ikkje finst særskilte skjøtselsråd for lokaliteten, gjeld følgjande generelle rettleiing for skjøtselen, jf. krav om at beitinga skal bli gjennomført slik at naturtypen blir teke vare på eller forbetra:
- Arealet må beitast, helst med same type husdyr og etter same beitemønster som i tidlegare, tradisjonell drift. Planteartar kan forsvinne dersom ein skiftar dyreslag eller endrar beiteperioden.
- Tidleg beiteslepp med godt beitetrykk er normalt gunstig.
- Naturbeitemark bør ikkje vere tilgrodd eller skuggefull.
- Beitet bør vere godt nedbeita på slutten av sesongen, sidan beitemarksoppane krev mykje lys og lite oppsamling av næring, og for å unngå oppslag av uønska vekstar.
- I hagemarker må ein ta vare på trea.
- Moderat eller ingen tilleggsfôring. Driftsopplegget bør ikkje vere basert på mykje tilleggsfôring, då dette kan medføre oppgjødsling av arealet. Ekstra næringstilførsle kan gi meir grasvekst og redusert biologisk mangfald.
Kontaktpersonar
Søknadsinformasjon
Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.
Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til RMP