Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange / slepeslange (gjeld kun i samband med nedfelling eller nedlegging)

Viser spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange
Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange Foto: Sveinung Klyve.

Det kan gjevast tilskot for spreiing av husdyrgjødsel og biorest med tilførselsslange/slepeslange i samband med nedfelling og nedlegging. Formålet med tilskotet er å redusere bruk av tunge tankvogner og slik redusere jordpakking.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.07.2019, Sist endra 17.04.2023

Det kan gjevast tilskot for spreiing av husdyrgjødsel og biorest med tilførselsslange/slepeslange i samband med nedfelling og nedlegging. Formålet med tilskotet er å redusere bruk av tunge tankvogner og slik redusere jordpakking.

Tilskotet kan berre gjevast som eit tillegg til Tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel (§ 20) eller Tilskot til nedfellling av husdyrgjødsel (§21). Det blir ikkje gitt tilskot til tilførselsslange/slepeslange i kombinasjon med bladspreiar. Føretaket må kunne dokumentere bruk av tilførselsslange/slepeslange ved å eige/leige utstyr eller leige spreiing.

Eit føretak kan søke om tilskot uavhengig av kven som utfører gjødslinga. Kravet er at gjødslinga skal vere utført som nedfelling eller nedlegging i kombinasjon med tilførselsslange/slepeslange. Tilskotet blir utbetalt til den som disponerer jorda. Betaling for eventuell leigekøyring er ei privatrettsleg sak, og tiltaket set ikkje grenser for kor mykje leigekøyring eit føretak kan utføre.


Føretak som mottek dette tilskotet kan ikkje i same søknadsomgang motta Tilskot til spreiing av all husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen (§19).

Tilskotsavgrensing: Det kan gjevast tilskot for maksimum 100 dekar per føretak.

Tiltaksklasse, utmålingseining og førebels tilskotssats

  • Bruk av tilførselslange: kr 250 per daa
    (Bruk av tilførselslange/slepeslange i kombinasjon med nedfelling eller nedlegging ved ei eller fleire spreiingar).

NB!
For å få tilskot ved slangespreiing må ein søke om TO tilskot (Tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel (§20) eller Tilskot til nedfelling av husdyrgjødsel (§21), i tillegg til Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselslange (§22)).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP