Ekstrautbetaling av produksjonstilskot i september 2022
I årets jordbruksoppgjer vart partane einige om å kompensere inntektssvikta i 2022. Dette skal blant anna gjerast gjennom ei ekstrautbetaling av produksjonstilskot på om lag 1450 mill. kroner.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 16.08.2022
Føretaka vil mest truleg få pengane inn på konto i løpet av siste halvdel av september.
Ekstrautbetalinga er basert på søknadsdata frå oktober 2021 og mars 2022.
Meir informasjon finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.