Viperåd frå bønder og fugleekspertar

Etter vellukka klekking av vipekyllinger, er det framleis nokre veker til dei er store nok til å kome seg unna slåmaskina. OBS: vipeungen ble plukka opp i samband med merking
Etter vellukka klekking av vipekyllinger, er det framleis nokre veker til dei er store nok til å kome seg unna slåmaskina. OBS: vipeungen ble plukka opp i samband med merking Foto: Daniel Almhjell, SFVL.

Statsforvaltaren i Vestland har vore på vipetur til Sunnhordland og Nordhordland saman med Birdlife Hordaland, kommunar og bønder

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2022

Målet med synfaringa har vore å sjå på ulike lokalitetar, høyre om erfaringar og problemstillingar knytt til det å ha vipe på marka. Vi ønskje å gjera RMP-ordninga vi har for tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl endå betre, då må vi ut å sjå og få innspel.

Vi var den 10. mai i Fitjar og Kvinnherad kommunar. I Fitjar kommune var vi på vipelokalitetar ved Vestbøstadtjørna og Vestbøstadpollen. I Kvinnherad kommune var vi på Halsnøy, Sandvoll og golfbanen på Husnes. Den 20. mai var vi i Alver kommune på vipelokalitetar på Manger, Byrkjeland, Hella og Djupedalen.

Alle bønder vi har vore i kontakt med tek omsyn til hekkande fugl så langt det lar seg gjera i drifta. Felles for lokalitetane i år er at bøndene har vore tidleg ute med gjødsling slik at det har vore mindre fugl å ta omsyn til, rett og slett fordi fyrste gylling har vore utført før fuglane har etablert seg. Slåtten vil også bli teken nært opp mot datoen då ungane er flygedyktige. Marginane er små mellom ein vellukka og mindre vellukka hekking. Det er lett å gjera mykje skade om gylling skjer etter at hekkinga har starta, eller at slåtten blir tatt for tidleg slik at mange vipeungar stryk med.

På stadane vi har besøkt har det vore ei positiv utvikling på tal individ, og nokre relativt nye lokalitetar kor det ikkje fanst vipe om ein går nokre år tilbake. Det er klart at bøndene har gjort det attraktivt for vipa ved å nydyrke, jordarbeide og fjerne skog. Ein kan seie at bøndene gjer tiltak som kjem både drifta og fuglane til gode. Om bøndene ikkje hadde gjort desse tiltaka så hadde det mest sannsynleg ikkje vore vipe på areala.

Vi må prøve å forenkle ordninga vi har slik at den er klar for at kommunane kan overta og for det nye regionale miljøprogram gjeldande for perioden 2023-2026. Dette må vi gjera gjennom vidare dialog med bønder, kommunar og Birdlife, for å forsikre oss om at ordninga kjem både bønder og fuglar til gode, samtidig som vi må forhalda oss til nasjonal instruks og dei retningslinjene vi har.

Her er eit facebook-innlegg frå turen i Kvinnherad kommune: https://www.facebook.com/LandbruketIKvinnherad/posts/3203489686553709 

Det er ikkje berre vipa ein ser og høyrer i kulturmarka. Her har ei storspove funne seg ein plass med utsikt.

Storspove i kikkert
Storspove i kikkert Foto: Daniel Almhjell, SFVL.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.