Tilskot til kommunale veterinærtenester 2023

Storfe på beite.
Storfe på beite. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Kommunar og veterinærvaktdistrikt i Vestland kan søke om stimuleringstilskot til veterinærdekning innan fredag 17. februar. Rapport og bruk av tilskot i 2022 skal leverast innan same frist.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.01.2023

Stortinget har løyvd 34,28 millionar kroner i stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2023, og Vestland fylke har vorte tildelt 6 342 000 kroner. Statsforvaltaren i Vestland gjer vedtak om tildeling av midlane etter handsaming av søknadar frå kommunar eller vaktdistrikt i tråd med føringar frå Landbruksdirektoratet, nærmare omtalt i rundskriv 2022-87.

Formål med ordninga

Føremålet med stimuleringstilskotet er å medverke til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område, innanfor ordinær arbeidstid.

Prøveordning – kommunen kan setje vilkår om at veterinærar deltek i vaktordning

For tilskotsåra 2021 og 2022 vart det innført ei prøveordning for stimuleringstilskot til kommunar som innebar at det kunne stillas krav om deltaking i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid, for å kunne motta stimuleringstilskot til veterinærdekning. Denne ordninga vert vidareført for tilskotsåret 2023.

Landbruksdirektoratet legg opp til at prøveordninga skal evaluerast i 2023, med utgangspunkt i erfaringane kommunane og statsforvaltarame har gjort seg med den i 2021 og 2022, før dei avgjer om den skal vidareførast i 2024.

Kven kan søkje

Alle kommunar og vaktdistrikt i Vestland kan søkje om midlar til tiltak. Det er administrasjonskommunen som søkjer på vegne av vaktdistriktet om heile vaktdistriktet søkjer saman.

Søknad og rapport i Altinn

Kommunen skal senda søknad og rapport på elektronisk skjema i Altinn.

Frist for å søkje og rapportere er fredag 17. februar.

Ved søknad og rapportering skal kommunen skildre kva type tiltak dei vil prioritere i 2023, og korleis tildelte midlar er brukt i 2022, fordelt på driftsstøtte, etableringsstøtte, etablering av kommunalstilling/løn til kommunalstilling, og anna.

Kommunar som har stilt krav om vaktdeltaking for å få stimuleringstilskot i 2022, skal i rapporteringa også føre opp deira erfaring med denne ordninga.

Føringar og prioriteringar

Rundskriv 2022-87 legg føringar for kva vurderingar statsforvaltaren skal leggje til grunn for løyving, og listar opp følgjande:

  1. Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar skal prioriterast

  2. Lågt dyretal og krevjande infrastruktur bør vera blant kriteria for tildeling av tilskot

  3. At stimuleringstiltaket er hensiktsmessig for å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell, vil vere relevant å leggje vekt på

  4. At det er vanskeleg å rekruttere og behalde veterinær vil vere relevant å leggje vekt på

Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etableringsstøtte, driftsstøtte samt å oppretthalde kommunale veterinærstillingar der den tilsette òg kan bidra til å løyse ulike oppgåver i kommunen der veterinærens kompetanse kjem til nytte.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.