Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.
Gjeld tilskot til dekning av kostnader til avløysing ved egen eller barn sin sjukdom, svangerskap, fødsel, adopsjon eller omsorgsovertaking og ved dødsfall.
Alle som driv vanleg jordbruksproduksjon i jordbruksforetak registrert i Føretaksregisteret kan søkje om tilskot til avløysing ved bonden sin sjukdom eller svangerskap, når bonden har sjuke barn, og i høve fødsel, adopsjon eller omsorgsovertaking. Døyr bonden, kan etterlat ektefelle, sambuar, foreldre eller barn søkje om tilskot for inntil 8 veker etter dødsfallet.
For å få tilskot må den avløyste oppfylle krav til næringsinntekt.
Det er kommunen som tek i mot søknaden, saksbehandlar søknaden og fattar vedtak om tilskot for søkjarar i sin kommune.
Søknadsfristen er eitt år etter siste dag det blir søkt tilskot for.
Søknaden kan leverast elektronisk via Altinn og utbetaling av tilskot skjer fortløpande.
For meir informasjon om ordninga og regelverk sjå Landbruksdirektoratet sine nettsider. Du kan og ta kontakt med kommunen.
Statsforvaltaren skal:
- Rettleie og følgje opp kommunane om regelverket, bruk av saksbehandlingssystemet og støtte med fagleg rettleiing
- Sikre at ordninga blir forvalta i tråd med forskrifta og statens økonomireglement, og utføre kontroll med ordninga hos kommunane
- Vere klageinstans for vedtak gjort i kommunane
- Behandle søknader om dispensasjon frå vilkåra i regelverket