Urbant landbruk
Arbeidet med urbant landbruk hos Statsforvalteren i Vestland vil bygge på Nasjonal strategi for urbant landbruk frå 2020. Den prioriterer tre innsatsområde: Berekraftig by- og tettstadsutvikling, auka kunnskap om berekraftig matproduksjon, auka berekraftig verdiskaping og næringsutvikling.
Det er stadig fleire av oss som bur i byar. I Noreg bur 82 prosent av innbyggjarane i byar og andre tettstader i 2020. Det finst allereie mange bynære bønder som produserer mat til naboane sine eller tilbyr tenester på gardsbruka sine (for eksempel Inn på tunet-tilbod). Men det er plass til fleire aktørar og meir mat frå tak og bakhagar i Vestland fylke.
Eit samarbeidsprosjekt om auka berekraft i kommunane
Meir urbant landbruk kan bidra til å utvikle framtida sine byar og tettstader i ein sirkulær og berekraftig retning, i tråd med FN sine mål om berekraft. Urbant landbruk kan, i tillegg til matproduksjon, bidra til næringsutvikling, betre bruk av ressursar, levande lokalsamfunn, betre miljø-og folkehelse, og auka trivsel for mange grupper i samfunnet.
Matjord vert halden i hevd med urbane landbruksaktivitetar, og ein kan spreie kunnskap og erfaring med å produsere mat hjå fleire i samfunnet. I dette ligg det óg eit tilsnitt av samfunnssikkerheit og beredskap. Det er med andre ord ei brei og inkluderande satsing for å auke merksemd og verdiskaping av det å produsere mat lokalt, anten folk bur i byar eller tettstader.
Parsellhage som attåtnæring
Parsellhagedrift kan vere ei tilleggsnæring på garden. Det har Solveig Lilletvedt på Kalandseidet i Bergen fått god erfaring med dei siste åra. Ho trivst godt med fleire folk og mange små beredskapshagar nært tunet.
Publisert 02.08.2023
Nytt nettverk for urbant landbruk i Vestland
Vinteren 2023 vart det oppretta eit nettverk for å utvikle ulike pilot-aktivitetar innan urbant landbruk i forskjellige kommunar i Vestland Fylke. I alt sju kommunar er knytt til prosjektet, og dei representerer både større byar og mindre tettstader.
Publisert 23.02.2022
Parsellhagen som god møteplass
Å leggje til rette for nye parsellar og god organisering er viktige skritt på vegen til grønare møteplassar i byar og tettstader. No blir parsellhagehandboka publisert i ny drakt, med fleire gode tips til oppstart og drift.
Publisert 27.10.2021
Grønsaksinkubator i vest
For tredje år på rad arrangerer Bondens marknad kurs i småskala grønsaksdyrking etter marknadshageprinsippa. I år legg kurset vekt på marknadshagebonden som entreprenør innan lokalmat.
Publisert 16.04.2021
Ny nettside for markedshage-prosjekt
Oslo og Viken, Vestland og Trøndelag satsar på småskala grønsaksdyrking for sal. Gjennom ei ny felles nettside deler vi kunnskap om drift av marknadshage.
Publisert 23.03.2021
Urbant landbruk i Vestland
Nasjonal strategi for urbant landbruk vart lansert i februar og viser til korleis urbane landbruksaktivitetar kan vere ein ressurs. Fleire stader i Vestland er godt i gang.
Kontaktpersonar
-
Frøydis Lindén
Tlf: 55 57 21 86 / 90 55 21 94