Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss.
Miljø og klima
Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.
Nyhende om miljø og klima
21.12.2023Endeleg utgreiingsprogram for Sognefjorden
Utgreiingsprogrammet skal liggje til grunn for den marine verneprosessen og sikrar både involvering og kunnskapsproduksjon dei neste åra fram mot vernevedtak. Det er no fastsett av Miljødirektoratet, og vi sender med dette ut det endelege dokumentet.
20.12.2023
Første naturreservat med frivillig skogvern i Stad kommune
Kudalen ligg like aust for Hunvika i Stad. Området vart i dag verna i statsråd som naturreservat, som det første frivillig skogvern-området i kommunen. Eit av verneføremåla er å ta vare på store, gamle tre med hengjelav.
18.12.2023
Søk klimasats-støtte for 2024
Miljødirektoratet arrangerer webinar 19. desember for kommunar og fylkeskommunar som vil søkje Klimasats-støtte i 2024
18.12.2023
Vi starter opp overvaking i Hardangerfjorden
I januar 2024 er det oppstart av eit overvakingsprogram som skal gå i Hardangerfjorden dei neste 3 åra. Målet er å kartlegge og overvake tilstanden i fjorden.
18.12.2023
Søknad om løyve etter forureiningslova - utfylling i sjø - etablering av Kjøde næringsområde - Stad kommune
Kystverket søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere Kjøde næringsområde i Kjødepollen, Stad kommune. Kystverket skal nytta overskotsmassar frå etablering av Stad skipstunnel.
13.12.2023
Høyring av frivillig skogvern for Helleren (Galdane) i Lærdal
Som ein del av arbeidet med å ta vare på verdifull norsk natur for framtida sender vi forslag om vern av Helleren naturreservat (tidlegare kalla Galdane) i Lærdal kommune på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 15. februar 2024.
08.12.2023
Kunngjering av løyve til vedlikehaldsmudring for Solstrand Fjord Hotel AS
Statsforvaltaren gav den 8. desember 2023 løyve etter forureiningsforskrifta til vedlikehaldsmudring ved gnr./bnr. 66/17 i Bjørnafjorden kommune. Løyvet er gjeve til Solstrand Fjord Hotel AS.
08.12.2023
Kunngjering av løyve etter forureiningslova til oppgradering av Fv. 614 Magnhildskartunnelen i Bremanger
Statsforvaltaren gav den 8. desember 2023 løyve til anleggsarbeid knytt til oppgradering av Fv. 614 Magnhildskartunnelen i Bremanger kommune. Løyvet er gjeve til Vestland fylkeskommune.
07.12.2023
Vi melder oppstart av frivillig skogvern ved Gyttavatnet i Fjaler kommune
Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Gyttavatnet naturreservat i Fjaler kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 23. januar 2024.
07.12.2023
Søknad om løyve etter forureiningslova - utfylling i sjø - etablering av Lesto næringsområde - Stad kommune
Kystverket søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere Lesto næringsområde i Moldefjorden, Stad kommune. Kystverket skal nytta overskotsmassar frå etablering av Stad skipstunnel.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel