Fangst av laks og sjøaure i 2022
I sesongen 2022 vart det fiska totalt 35 701 kg laks og 5 138 kg sjøaure, i elv og sjø i Vestland. Av dette var 2 782 kg laksefisk tatt i sjølaksefisket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Laks
Det aller meste av laksen fiska i fylket, vart fiska i Sogn og Fjordane. Av totalt 35 701 kg laks, var 8 236 kg (2 065 stk) fiska i elvane i Hordaland. Resten vart tatt i elv og sjø i Sogn og Fjordane (5 889 stk).
I elvefisket vart 32 % av laksen sett ut att (2 328 stk).
Flest kilo laks vart fiska i Hornindalsvassdraget, med over tre tonn (3 433 kg).
Sjøaure
3 489 sjøaure vart fanga i vassdraga i Vestland i 2022. Av desse vart litt over halvparten sett ut att (1 839 stk).
Målt i vekt vart det fiska mest sjøaure i Lærdalselva, med totalt 625 kilo (286 stk). Heile 92,7 % av all fanga sjøaure i Lærdalselva vart sett ut att.
For meir informasjon om fangstane i fisket etter laksefisk i elv og sjø i 2022, sjå Statistisk informasjonsbyrå og vedlegga.
Pukkellaks
Ein pukkellaks vart fanga og avliva i 2022. Det er oddetalsgenerasjon av pukkellaks som er talrik i Noreg, men med førekomst av partalsgeneresjonen. Vi forventar difor meir pukkellaks i fangstane i 2023.