Har du fått laks, sjøaure eller pukkellaks i sjøen?
Har du fått laks, sjøaure, pukkellaks eller regnbogeaure på stongfisket i sjøen? Då kan du rapportere fangsten inn på ei nettbasert rapporteringsløysing - di fangstdagbok på nett.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Alle som har fiska laksefisk skal levere fangstrapport. Fiskar du i vassdrag skal rapporten levarast til fiskerettshavarlaget - dei du kjøpte fiskekort av. Fiskar du med stong i sjøen og får laksefisk, kan du levere rapporten din på nettløysinga Stangfiske i sjø.
Fangstdagbok på nett
Miljødirektoratet har laga nettløysinga Stangfiske i sjø for rapportering av laks, sjøaure, pukkellaks og regnbogeaure tatt på stong i sjø.
På Stangfiske i sjø kan du rapportere art, storleik, kvar og når fisken er tatt. Data frå fangstrapporteringane vil bidra til å auke kunnskapsgrunnlaget, og vert nytta av forvaltinga.
Fiskereglar for stongfiske i sjø
I munningsfredingssonen i Vestland, er det berre lov å fiske etter laks og sjøaure i den tida vassdraget som renn ut i munningsfredingssona er ope for fiske etter sjøaure. I Sogn og Fjordane er det ikkje lov å fiske etter anadrom fisk frå båt i munningsfredingssonene, og berre lov å fiske etter marin fisk frå båt i fart i desse sonene i perioden 1. oktober til og med 1. mars. I Hordaland er det ikkje lov å fiske frå båt nærare enn 100 meter frå elvemunning (grense elv - sjø)