Laksefisket i vassdrag og sjø i Nordfjord vert redusert
Grunna lite laks i vassdraga, reduserer Miljødirektoratet fisketida i vassdrag og sjølaksefisket i Nordfjord i 2021.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Av omsyn til sårbare stammer av laks, reduserer Miljødirektoratet fisket i vassdrag i Nordfjord med to veker. I tillegg vert sjølaksefisket halvert, og ny fisketid er måndag kl. 18.00 til onsdag kl 18.00.
Vassdrag som er omfatta av forskrift om ekstraordinære reguleringstiltak i 2021:
Kommune | Vassdrag |
Fisketid L: Laks A: Sjøaure |
Gloppen | Gloppenelva |
L: 01.06 - 01.05 A: 15.06 - 31.08 |
Gloppen | Hopselva i Hyen |
L: 15.0617.08 A: 15.06 - 15.08 |
Gloppen | Ryggelva |
L: 15.06 - 17.08 A: 15.06 - 15.08 |
Gloppen | Åelva og Ommedalselva |
L: 01.06 - 31.08 A: 01.06 - 15.08 |
Stad | Hjalma | L: 15.06 - 17.08 |
Vedtak og mellombels forskrifter om fiske i vassdrag og sjø finn de i høgremenyen. For meir informasjon om innstramminga, sjå Miljødirektoratet.