Utvida sesong for fiske etter rømt oppdrettsfisk er avvikla

Fisk innanfor nett
Det er ikkje utvida fisketid for å fangste rømt oppdrettsfisk lengre, denne ordninga blei avvikla i 2021. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Pedersen.

Det er ikkje lengre mogeleg å fiske etter rømt oppdrettsfisk på hausten og vinteren (utvida sesong), då denne ordninga blei avvikla for to år sidan. Årsaka er mogelege negative effekter på villfiskbestandane. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.09.2023

Utvida sesong for fiske etter oppdrettsfisk?

Mange har teke kontakt med oss for å få informasjon om utvida sesong for fiske etter oppdrettsfisk, som tidlegare var frå 5. august til 28. februar. Fiske med kilenot, krokgarn, lakseverpe og garn etter rømt oppdrettsfisk, på hausten og vinteren (utvida sesong), blei avvikla i 2021 i nasjonal forskrift. Sjå lenkjesamlinga til høgre i denne nyhendesaka for å lese gjeldande forskrifter for fiske i sjø.

Utvida fiske kan gje negative effekter på villfiskbestandane

Avviklinga av utvida sesong vart anbefalt av Vitskapsrådet for lakseforvaltning. Grunngjevinga var at dette fisket er vurdert å gi låge fangstar, og at det var usikkert kor stor del oppdrettslaks det var i fangstane. Eit slikt fiske kan òg negativt påverke villfiskbestandane.

Miljødirektoratet vurderer nasjonale fiskereglar for fiske i sjø og vassdrag kvart femte år. 

Reglar for garnfiske i sjø

Det er føringar for garnfisket i dei fylkesvise fiskereglane. Inntil ny forskrift om fiske i sjø i Vestland blir gjeldande, gjeld følgjande reglar for garnfisket:

Hordaland

  • Nedsenkingspåbod i perioden 1. mars til 30. september
  • Alle garn med maskevidde over 32 mm skal senkast ned, slik at heile fangstdelen er tre meter under vassoverflata
  • I Hardangerfjorden innanfor Bleiknes ved Husnes og Ystadnes ved Ølve, og heile fjordsystemet rundt Osterøy innanfor Nordhordlandbrua, gjeld nedsenkingskravet til tre meter alle maskevidder
  • Påbodet gjeld ikkje for yrkesfiskarar

Sogn og Fjordane

  • Nedsenkingspåbod i perioden 1. mars til 30. september
  • Alle garn av alle maskevidder skal senkast ned, slik at heile fangstdelen er tre meter under overflata
  • Påbodet gjeld ikkje for yrkesfiskarar

Eigne reglar for garnfiske utanfor vassdrag

For heile Vestland fylke er det forbode å setje garn i 100-metersona utanfor vassdrag. I tillegg er det eigne regler for munningsfredingssonane utanfor 100-metersona. I Hordaland må alle garn i sonane, uavhengig av maskevidda, senkast ned slik at heile fangstdelen står minst fem meter under overflata. I Sogn og Fjordane er dette kravet minst tre meter under overflata. Nedsenkingspåbodet i munningsfredingssonane i Sogn og Fjordane gjeld heile året og for alle maskestorleikar, og gjeld også reiskapen til registrerte fiskarar. I nokre fredingssoner er det heilt forbod mot garn- og/eller notfiske.

Oversikt over munningsfredingssoner finn du i Fylkesatlas, føl lenkja til høgre i denne nettsaka. Les gjerne meir om fiskereglar i sjø, og om fiske etter marine artar utanfor munningsfredningssonar og 100-metersssona i lenkjesamlinga til høgre. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.