Industrien må betale gebyr for eigenkontrollrapportar
Frå 2024 må verksemder med løyve etter forureiningslova betale gebyr for styresmaktene si sakshandsaming av eigenkontroll.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Forureinar betaler-prinsippet tilseier at det er dei forureinande verksemdene som må ta kostnadane knytt til arbeid med løyve etter forureiningsforskrifta og tilsyn med at regelverket blir følgt. Kapittel 39 i forureiningsforskrifta gir reglar for gebyr til statskassa for styresmaktene sitt arbeid med løyve og med kontroll etter forureiningslova.
Verksemder må betale gebyr for eigenkontrollrapportar frå 2024
Klima og Miljødepartementet vedtok 21. august i år ei endring av kapittel 39 i forureiningsforskrifta. Endringa inneber innføring av gebyr for sakshandsaming av eigenkontrollrapportar frå industrien hos statsforvaltarane og Miljødirektoratet.
Dette medfører at verksemder som har løyve frå Statsforvaltaren og krav om årleg eigenkontrollrapportering vil måtte betale gebyr for Statsforvaltaren si handsaming av eigenkontrollrapportar frå og med 2024.
Den vedtekne gebyrsatsen for handsaming av eigenkontrollrapportar er gitt i forureiningsforskrifta §§ 39-5 og 39-7. Satsen for kontroll av eigenkontrollrapportar er for 2023 satt til kr 3800 kr.