Meldeskjema for produksjon av pukk, grus, sand og singel
Ved produksjon av pukk, grus, sand og singel skal ein i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast inn på standard skjema.
Forureining frå produksjon av pukk, grus, sand og singel er regulert av forureiningsforskrifta kap. 30.
Meldeplikt for knuseverk og siktestasjonar
Alle som startar, flyttar eller utvidar knuseverk eller siktestasjon skal i god tid før dei kan starte opp, sende skriftleg melding til Statsforvaltaren. Meldeplikta gjeld også for mellombelse eller mobile anlegg. Som mellombels anlegg reknar ein anlegg med produksjon i mindre enn eitt år på same stad.
På skjema til høgre på sida skal ein informere om verksemda, planstatus, produksjonsdata, støvdemping, nedfallsstøv, utslepp til vatn og støy.
Verksemda kan starte opp, endre eller utvide i samsvar med eigen melding når det er gått 6 veker etter at meldinga er stadfesta motteken av Statsforvaltaren, med mindre Statsforvaltaren avgjer noko anna.
Gjeld verksemder som har knuseverk eller siktestasjon
Skjemaet gjeld for verksemder som har knuseverk eller siktestasjon, og som vil produsere pukk, grus, sand eller singel.
Nokre anlegg må ha utsleppsløyve
Statsforvaltaren kan på bakgrunn av meldinga, eller andre tilhøve på staden, avgjere at verksemda må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Verksemda kan då ikkje starte før eventuelt løyve er gitt.