Kunngjering av løyve til akvakulturanlegg i Askvoll kommune
Landøy Fiskeoppdrett AS fekk den 24. april 2023 nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av matfisk av laks på lokaliteten Guriøyna.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.05.2023
Anlegget skal utvidast med fire bur i nordleg retning, og det nye løyvet erstattar utdatert løyve frå 2011.
Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyvet vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.