Kunngjering av løyve til anleggsarbeid Sotrasambandet Rv 555
Statens vegvesen fekk 16. juni 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid knytt til Rv 555 Sotrasambandet. Løyvet gjeld tiltak i Storavatnet og Stovevatnet i Øygarden kommune
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 21.06.2023
Løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involverte i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2022/16836
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35