Innleiande dialog om mogeleg utviding av Jotunheimen

Stølsmaradalen ligg i dag i Utladalen landskapsvernområde og er eitt av områda som kan bli vurdert innlemma i nasjonalparken. Ein prosess er på gang og med lokal aksept vil vi kunne sende ut ei formell oppstartsmelding der alle kan komme med innspel.
Stølsmaradalen ligg i dag i Utladalen landskapsvernområde og er eitt av områda som kan bli vurdert innlemma i nasjonalparken. Ein prosess er på gang og med lokal aksept vil vi kunne sende ut ei formell oppstartsmelding der alle kan komme med innspel. Foto: Maria Knagenhjelm.

Her kan du finne referat og presentasjonar frå den innleiande informasjonsfasen i arbeidet med å greie ut ei mogeleg utviding av Jotunheimen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.11.2022

Vi hadde eit førebuande møte med politisk leiing i Luster kommune i september, og informerte kommunestyret om oppdraget den 20. oktober. Vi hadde møte med kommuneleiinga i Årdal månaden etter, den 10. november. Det har vore nytting for oss å få tidleg innspel og synspunkt på oppdraget.

Etter å ha møtt kommunane vil vi invitere til dialog med grunneigarorganisasjonar, næringsliv og andre interesseorganisasjonar. Innspela og synspunkta som kjem fram i desse møta vil vere viktige å ta med i ein eventuell vidare verneprosess.

Referat og presentasjonar ligg til høgre. Følg lenkja i høgrefana for å få meir informasjon og for å få oversikt over prosessen framover. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.