Opnar for tre nye nasjonalparkar i Vestland
Regjeringa har gitt Miljødirektoratet i oppgåve å starte arbeidet med verneplanprosessar for fire heilt nye nasjonalparkar i Noreg, der tre er i Vestland. Oppdraget inneber også utviding og endring av eksisterande verneområde.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tre av dei potensielt nye nasjonalparkane ligg i fylket vårt og er Hornelen, Masfjordfjella og Øystesefjella. Regjeringa opnar også for utviding av nasjonalparkane Jostedalsbreen og Jotunheimen og omgjering av landskapsvernområde til nasjonalpark for Ålfotbreen.
Verneframlegget er eit resultat av oppdraget innan supplerande vern som Statsforvaltaren i Vestland leverte på i 2019.
Les meir om oppdraget på Regjeringa sine nettsider.
Her på våre nettsider kan du lese alt om vårt arbeid med nytt vern, både til lands og under overflata. Føl lenkja her.
Kontaktpersonar
-
Magnus Johan Steinsvåg
Tlf: 55 57 23 25 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42 -
Tom Dybwad
Tlf: 57 64 31 23