Statsforvaltaren tilrår regional forskrift i bergensområdet
Statsforvaltaren i Vestland tilrår at regjeringa forskriftsfestar regionale tiltak for tolv kommunar i føretaksområdet til Helse Bergen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi har utarbeidd tilrådingane til regional forskrift i samråd med nasjonale helsestyresmakter. Kommunane i føretaksområdet til Helse Bergen får høve til å kome med innspel før tilrådingane går vidare til Helsedirektoratet og så til Helse- og omsorgsdepartementet. Dersom regjeringa vedtek regional forskrift, er det venta at det vil kunne skje innan førstkommande laurdag.
Vi tilrår å innføre regional forskrift i følgjande kommunar:
Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Samnanger, Vaksdal, Voss og Øygarden.
Vi tilrår at forskrifta omfattar følgjande tiltak:
- Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand innandørs i det offentlege rom og/eller på kollektivtransport.
- Påbod om at arbeidsgjevar syter for at tilsette i størst mogleg grad kan uføre arbeid utan auka risiko for smitte på arbeidsplassen, eller ved reiser med kollektivtransport til og frå arbeidsplassen.
- Avgrensingar i talet deltakarar på private arrangement.
- Plikt for serveringsstadar og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering.
- Plikt til karantene fram til negativt prøvesvar på første test føreligg (ikkje berre ei tilråding som no) òg for born i skulealder som er husstandsmedlemer og tilsvarande nære til personar med påvist covid-19, uavhengig av vaksinasjonsstatus. .
Andre kommunar i føretaksområdet
Vi oppmodar dei andre kommunane i føretaksområdet om å følgje tett opp smittesituasjonen i eigen kommune, og kontinuerleg vurdere trongen for forsterka tilrådingar og tiltak. Det gjeld følgjande kommunar: Eidfjord, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Ulvik.
Nødvendige tiltak
Både kommunane og helseføretaka har gitt ei tydeleg tilbakemelding om at presset på tenestene er svært stort. Vi meiner at tiltaka er nødvendige for å halde kontroll på pandemien i regionen, og unngå ein situasjon der det kan vere fare for at kommunane og sjukehusa misser evna til å levere kritiske tenester.
Vi meiner at tiltaka i seg sjølve er lite inngripande for born og unge, privatpersonar elles og næringslivet.