Universell utforming
Universell utforming vil seie å utforme og tilrettelegge dei fysiske tilhøva, både gjennom planlegging og i krava til det einskilde byggjetiltak, for å fremje like moglegheiter til deltaking i samfunnet og byggje ned funksjonshemmande barrierar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommunane sitt ansvar
Prinsippet om universell utforming skal sikrast i planlegginga etter plan- og bygningslova og i det einskilde byggjetiltak, jf. formålsparagrafen (§ 1-1) i plan- og bygningslova.
Det er laga ein temarettleiar: "Universell utforming og planlegging etter plan- og bygningsloven".
Kommunen kan gjennom juridisk bindande føresegner stille krav om universell utforming av tiltak i arealplan med heimel i plan- og bygningslova:
Kommunen kan uavhengig av arealformål vedta føresegner til arealdelen av kommuneplanen om universell utforming, jamfør § 11-9 nr. 5, om generelle bestemmelsar. Vidare kan kommunen gjennom føresegner til arealformål og omsynssoner i reguleringsplan stille krav om universell utforming (jf. pbl. § 12-7 nr. 4). I brev fra departementet om universell utforming i reguleringsplanar er dette nærare presisert.
I regjeringens handlingsplan "Norge universelt utformet 2025" er eitt av måla at alle kommunar skal ha en vedteken kommuneplan med retningslinjer for universell utforming innen 2015.