FylkesROS

FylkesROS (risiko- og sårbarheitsanalyse) skal gi oversikt over risiko og sårbarheit i fylket, danne felles plattform for å førebygge uønskte hendingar og styrke samordninga av regionalt arbeid med beredskap og krisehandtering. 

FylkesROS skal gi statsforvaltaren eit betre grunnlag for dei ulike rollene embetet har i høve samordning, som pådrivar for samfunnstryggleik i fylket, beredskapsplanlegging internt og i høve andre aktørar, innspel i førebyggande arbeid etter plan- og bygningslova og kommunane sitt arbeid med oppfølging av kommunal beredskapsplikt. 

Her finn du fylkesROS for Hordaland og fylkesROS for Sogn og Fjordane (sjå òg lenke i marg), som har vore utarbeida av dei to respektive embeta før samanslåing 1. januar 2019 til Fylkesmannen i Vestland.

Frå 1.1.2021 skiftar Fylkesmannen namn til Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren i Vestland er i gang med å førebu gjennomføring av ein ny felles fylkesROS for Vestland fylke. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.