Statsforvaltaren kan samordne innsatsen
Ved større kriser og katastrofar er det ofte fleire instansar som er involverte i krisehandteringa. I slike situasjonar kan Statsforvaltaren samordne innsatsen. Dersom det blir aktuelt å setje i verk ei slik regional samordning, skal det opprettast kontakt mellom Statsforvaltaren og dei aktuelle etatane. Her kan fylkesberedskapsrådet vere eit viktig forum.
Alle fylke skal ha eit fylkesberedskapsråd
Fylkesberedskapsrådet er sett saman av leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. Rådet er eit forum for gjensidig orientering om beredskapsarbeid, og i ein krisesituasjon vil rådet vere eit sentralt samarbeids- og støtteorgan for Statsforvaltaren.
Ved krig har Statsforvaltaren mynde til å ta hand om viktige samfunnsinteresser dersom kommunikasjonen med regjeringa blir broten.