Fugleinfluensa er påvist i Vestland
Det føregår eit større utbrot av fugleinfluensa i fleire Finnmarkskommunar. Det er no påvist eit tilfelle i Gloppen, og ut frå erfaringar i andre delar av landet kan vi rekne med at sjukdomen spreier seg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fugleinfluensa er ein smittsam virussjukdom som primært smittar mellom fuglar. Mattilsynet har god informasjon på sine nettsider om sjukdomen og korleis du skal gå fram viss du finn sjuke eller daude fuglar.
Som hovudregel skal du melde slike funn til Mattilsynet, som alt etter omfang og i samarbeid med kommunen vil følgje opp vidare.
For dei som driv med fjørfe i landbruket er godt smittevern spesielt viktig, og Mattilsynet har ei eiga nettside for profesjonelle fjørfehaldarar.