Fylkesberedskapsrådet diskuterte den tryggleikspolitiske situasjonen i Europa
Tysdag 8. februar samla Statsforvaltaren fylkesberedskapsrådet på Haakonsvern for å diskutere den ustabile tryggleikssituasjonen i Europa.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Medlemene i fylkesberedskapsrådet møttest fysisk for første gong på nesten to år. Bakgrunnen for møtet var den tryggleikspolitiske situasjonen i Europa. Denne er uoversiktleg og det er svært vanskeleg å seie noko sikkert om korleis han kan kome til å utvikle seg. Statsforvaltaren ønskte difor å diskutere med rådet kva dette kan bety for Vestland; både for den enkelte aktør og for den samla «beredskapsfamilien».
PST, HV-09 og Vest politidistrikt orienterte om situasjonsbildet. Sjølv om det er ein spent situasjon i Europa, er hovudkonklusjonen at det per no ikkje grunn til å frykte krig i Noreg.
PST seier i si trusselvurdering at: «Flere lands etterretningstjenester opererer på norsk jord. Blant disse vil russisk og kinesisk virksomhet utgjøre den største trusselen. De bruker en rekke metoder for å nå sine mål. Aktiviteten kan få alvorlige konsekvenser for Norge. Den kan påvirke
Norges handlefrihet og svekke vår evne til å håndtere kriser. Den kan i tillegg svekke næringslivets konkurranseevne og bidra til at enkeltpersoner ikke føler seg trygge i landet vårt.»
Sjølv om det er ein konstant etterretningstrussel mot Noreg, seier samstundes PST at mange er vorte flinkare til å fange opp mistenkeleg aktivitet og såleis bidra til å avdekke etterretningsverksemd.
PST oppmoda etatane og organisasjonane i fylkesberedskapsrådet om vere vakne og melde frå til politiet viss dei opplever aktivitet som kan vere mistenkeleg. Det gjeld ikkje spesielt i dagens situasjon, men er ei generell oppmoding.
Truslar i digitale rom
Trusselen om digitale angrep var ei anna utfordring som òg vart diskutert. Dei aukar i omfang og råkar veldig breitt. Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) gav ei orientering med utgangspunkt i si opne trusselvurdering. I den skriv dei m.a. at: «Den spente sikkerhetssituasjonen i Europa aktualiserer bruken av hybride trusler, såkalte sammensatte virkemidler. Russland og Kinas omfattende verktøykasser truer viktige nasjonale verdier og interesser. Risikoen for at vi ikke er i stand til å ivareta viktige sikkerhetsinteresser øker. En forverring av sikkerhetssituasjonen vil forsterke risikoen ytterligere.»
NSM oppmodar folk og verksemder om å vere årvakne og å varsle viss ein opplever avvik frå normalen.
Oppfølging i fylkesberedskapsrådet
Fylkesberedskapsrådet vil halde fram med å bidra til god informasjonsdeling i fylket, og å arbeide for å sikre at Vestland er best mogleg rusta til å handtere alle typar uønskte hendingar. Medlemene er samde om at rådet speler ei viktig rolle for å sikre ei felles situasjonsforståring mellom aktørane, og at det bidreg til å koordinere innsats og ressursbruk i fylket.