Tilskot til utviklingsprosjekt i barneverstenesta
- Søknadsfrist:
- 1. juni 2022 23:59
- Målgruppe:
- Kommunale barnevernstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland
Kommunane kan søke om stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt på barnevernsområdet.
Kvart år kan kommunane i læringsnettverket i Vestland gå saman om å søke stimuleringsmidlar til å sette i verk utviklingsprosjekt med mål om teneste- og tiltaksutvikling for å gi enda betre barnevernstenester til dei barna og familiane som treng det. Statsforvaltaren behandlar søknadane.
I 2022 har kommunane i Vestland søke om utviklingsprosjekt med to ulike innrettingar:
- eigeninitierte utviklingsprosjekt
- utviklingsprosjekt på fosterheimsområdet
Neste frist for å søke tilskot vert truleg 1.juni 2023. Tilskotet vert lyst ut på tilskotsportalen til Statsforvaltaren.
Det er tre viktige krav for å søke om stimuleringsmidlar i regi av læringsnettverket:
- utviklingsprosjektet må ha mål om å styrke tenestene til utsette barn og unge i kommunane
- utviklingsprosjektet må vere eit samarbeid mellom fleire kommunar
- utviklingsprosjektet må ha etablert eit samarbeid med minst eit kompetansemiljø
Her kan du lese meir om retningslinjene for stimuleringsmidlar til kommunale læringsnettverk.
Her finn du mal for prosjektplan og elektronisk søknadsskjema.
- Søknadsfrist:
- 1. juni 2022 23:59
- Målgruppe:
- Kommunale barnevernstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland