Tilsyn med Lærdal kommune si gjennomføring av kartleggingsprøver 1. – 4. trinn
- Dato:
- 13. mars 2019 - 26. juni 2019
- Stad:
- Dokumenttilsyn
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen v/Karstein Fardal
- Målgruppe:
- Skule i kommunen
Tilsynet gjeld kommunen si gjennomføring av kartleggingsprøver 1. – 4. trinn våren 2019, jf. forskrift til opplæringslova § 2-4 og §1 -4.
Publisert 27.08.2019
Tema for tilsynet er:
- Gjennomføring av kartleggingsprøver 1. – 4. trinn, jf. forskrift til opplæringslova § 2-4
- Skulen si oppfølging av kartleggingsprøvene og tidleg innsats, jf. opplæringslova § 1-4.
- Skuleeigars ansvar for at kartleggingsprøvene vert gjennomførde i tråd med retningslinjene og at resultata vert følgde opp slik at elevar som hamnar under bekymringsgrensa på prøvene, får nødvendig og tilpassa opplæring.
Føremålet med tilsynet er å styrke skulen si gjennomføring av dei nasjonale kartleggingsprøvene. Gjennom kontroll med oppfølginga av dei rettslege krava frå skuleeigaren og skulane si side, skal eventuell lovstridig praksis avdekkjast og rettast opp.
- Dato:
- 13. mars 2019 - 26. juni 2019
- Stad:
- Dokumenttilsyn
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen v/Karstein Fardal
- Målgruppe:
- Skule i kommunen